Nye sommarturleiarar

Ved kursavslutning 23.oktober fekk DNT eit godt tilskot med nye sommarturleiarar.Namna på deltakarane er framme frå venstre: Jarle Røstbø, Ann Kathrin Røssland, Mona Eikemo Røstbø, Tove Omdal, (alle Kvinnherad Turlag), Hanne C  Jensen (DNT Sør), Pernille Bakke Harket (DNT Oslo og omegn). Bak frå venstre: Kjell Ivar Bjørgen, Geir Ove Eikemo (begge Kvinnherad Turlag), Geir Morten Utskot (Kvam turlag), Kåre Frøystein (Odda Ullensvang turlag) og Peter Helland-Hansen (Kvam turlag)
Ved kursavslutning 23.oktober fekk DNT eit godt tilskot med nye sommarturleiarar.Namna på deltakarane er framme frå venstre: Jarle Røstbø, Ann Kathrin Røssland, Mona Eikemo Røstbø, Tove Omdal, (alle Kvinnherad Turlag), Hanne C Jensen (DNT Sør), Pernille Bakke Harket (DNT Oslo og omegn). Bak frå venstre: Kjell Ivar Bjørgen, Geir Ove Eikemo (begge Kvinnherad Turlag), Geir Morten Utskot (Kvam turlag), Kåre Frøystein (Odda Ullensvang turlag) og Peter Helland-Hansen (Kvam turlag) Foto: Anne Kari Enes

Rekruttering av turleiarar er viktig for turlaga og Kvinnherad turlag satsar på å utdanna fleire turleiarar innan DNT sin utdanningsstige. I haust arrangerte vi sommarturleiarkurs som går over fem dagar, eller to helger og fekk eit godt tilskot med seks nye sommarturleiarar lokalt. 

Gjennom DNT sin utdanningsstige har seks personar frå Kvinnherad no fullført sommarturleiarkurs. Tilsaman vart 11 nye turleiarar godkjent etter å ha delteke på kurset i regi av Kvinnherad Turlag.

Desse er klare til å gjera ein frivillig innsats for at fleire skal få oppleva gledene ved turlivet. Kurset gjekk over to helgar. Den fyrste helga var vi i Kvinnheradfjella for det meste utanfor merka stiar. Fokus på kurset er mellom anna orientering under krevjande forhold, nødovernatting ute, turleiarrolla, sikkerhet på tur. Den andre helga vart avvikla i Etnefjella, med overnatting på DNT-hytter. Det var to intense helgar der vi stod tidleg opp og heldt på til langt på kveld med oppgåver, situasjonar, orientering, refleksjon og undervisning både frå kursleiarane og deltakarane. Ei av oppgåvene med å vere turleiar, er å formidla kunnskap om natur og kultur i område der turen går.

Kursleiarane var Gunnlaug Vågen Tjelmeland, Kjell Yri og Anne Kari Enes. 

Les meir om turleiarutdanninga her: https://www.dnt.no/turleder/

Formidling og orientering er viktige turleiaroppgåver. Geir Morten Utskot frå Kvam Turlag står her på Hauglandsfjellet og ser kjende kvammafjell.
Formidling og orientering er viktige turleiaroppgåver. Geir Morten Utskot frå Kvam Turlag står her på Hauglandsfjellet og ser kjende kvammafjell. Foto: Anne Kari Enes

Skrevet av Anne Kari Walborg Enes 11. november 2016