Mange vart med på Buføreturen

Sherpaene syng "sommarfuglsongen" og publikum klappar med på rytmene. Ei høgtideleg stund!
Sherpaene syng "sommarfuglsongen" og publikum klappar med på rytmene. Ei høgtideleg stund! Foto: Kåre Eik

Laurdag 17. september gjekk meir enn 70 turglade unge og eldre den gamle stølsvegen over Folgefonnhalvøya frå stølen Botsvatn på Jondal-sida til Reisete ved Sørfjorden. Av desse kom omlag ein tredel frå Kvinnherad. 

Turen vart ei minnerik oppleving. Etter bussturen kunne turgåarane ta del i ei høgtideleg opning av den nyrestaurerte stølsvegen frå Jondalsida. Her vart stien over fjellet på symbolsk måte overgjeven frå Buførevegens Venner til dei framtidige brukarane, og deretter kunne dei frammøtte nyta turen over fjellet i opphaldsver og vindstille.

I følgjet var fire sherpaer som for tida arbeider med dei siste detaljane i restaureringa av Buførevegen. Ingen kunne hatt betre stifinnarar om det skulle røyna på, men i godveret stilte dei fire nepalarane like godt opp med ei song-helsing til den urørte naturen då følgjet nådde kanten mot  Sørfjorden.

På turmålet, garden Reisete, 300 høgdemeter over fjorden, vart turgåarane møtte av blide hardingar  som baud på frisk eplesaft og betasuppe. I godveret kunne alt nytast i friluft medan praten gjekk lett om opplevingane over fjellet.

Turen over fjellet var eit samarbeid mellom Odda/UllensvangTurlag og Kvinnherad Turlag. 

For turleiarane,

Hermund Fenne og Kåre Eik,

Kvinnherad Turlag

Skrevet av Anne Kari Walborg Enes 19. september 2016