OMLEGGING AV LØYPE I MAURANGER

Frå turløypa Markjelke - Hundsøyra
Frå turløypa Markjelke - Hundsøyra Foto: Hermund Fenne

Turløypa  Markjelke - Hundsøyra i Maurangerfjella i Kvinnherad kommune vert no lagd utanom damområdet ved Svartedalsdammen.

Turløypa  Markjelke - Hundsøyra i Maurangerfjella i Kvinnherad kommune vert no lagd utanom damområdet ved Svartedalsdammen. Etter forsterking og anna arbeid på og ved demningen dei siste åra er terrenget under - og overløpet frå dammen - sterkt endra. Turgåarar sommar- som vinterstid skal for framtida gå på høgda på vestsida av damområdet.

Bakgrunnen for denne omlegginga er at ein vil koma inn i området for mogeleg overløp frå dammen,  dersom ein følgjer traseen for den gamle merkinga inn i damområdet.

Ny trasé 

Like etter passering av Svartedalbrua skal ein (på opptur) heretter gå beint fram i sør-/sørvestleg retning oppover på ein rygg nordvestanfor dalsøkket under Svartedalsdammen. Her kan ein sikta seg inn på ei høgspentmast på haugen framfor seg. Etter to, tre hundre meters gange svingar ein søraustover og kjem inn på den gamle ruta i eit dalsøkk over sørvest-sida av Svartedalsdammen.

På tur i motsett retning (nedover mot Svartedalen) lyt ein passa på å koma inn på same omleiingstrase utanom (nordvest for) dalsøkket ved demningen. Høgspentmasta på haugen i nordvestleg retning kan vera eit referansepunkt.

Det vil etter kvart koma skilt og merking på plass. Statkraft er involvert i dette.


Informasjonsskilt Markjelke.
Informasjonsskilt Markjelke. Foto: Hermund Fenne

Skrevet av Anne Kari Walborg Enes 26. oktober 2021