Adventskalender luke 6. Høgåsen i Omvikdalen

Fellestur

Dato
6. desember 2021 kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangør
Kvinnherad Turlag
Dette arrangementet er over!

Kvinnherad Turlag sin julekalender 6. desember

Ta ein pause i julestrida og bli med på ein liten tur til Høgåsen i Omvikdalen.

Frammøte ved ungdomshuset kl 18.00.

Du må ha med deg hovudlykt / lommelykt, og gjerne refleksvest. Hugs klede og sko etter vêret, turen går delvis på sti som kan vera våt og sleip.

Turen startar på asfalt gjennom byggefeltet og vidare på sti ut til Høgåsen. Her får vi fin utsikt mot Seim og Rosendal, før vi går delvis ein annan sti tilbake. På tilbakevegen stoppar vi i lavvoen for å få noko varmt å drikka og litt å bita i. Kanskje det vert tid til ein liten drøs også. Turen varer ein liten time og passar for alle. Velkommen!

Turleiarar: Solveig Sandvik og Tove Apeland.

For eventuell påmelding, send sms til 41691324 eller 91163736.

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Solveig Sandvik
  • Tove Kringlebotten Apeland