Bjørndalstraversen - Klassikeren i Rosendalsalpene!

Fellestur

Dato
18. september kl. 07:30 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Bjørndalstraversen, Rosendal, Klyving, Tinderangling
Arrangører
Kvinnherad Turlag, DNT Fjellsport Kvinnherad
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

Blant Rosendalsalpenes mange spektakulære fjellformasjonar er Bjørndalstraversen ein heftig klassikar!

Turen byr på sug i magen og luftig klyving over den snaut ein kilometer lange ryggtraversen, så vel som fantastiske utsikter over blandt anna Folgefonna og Hardangerfjorden. Denne turen er for deg som ikkje har antydning til høgdeskrekk, og som er noko vant med tinderangling og klyving i bratt terreng. Turen er lang og krevjande, så ein må ha med rikeleg med mat og drikke, og være fysisk forberedt.

Sjølve traversen tek i overkant ein time. Klyvinga er ikkje teknisk vanskeleg, men det er veldig eksponert til tider. Turen går med fjellførar og det sikrast ved behov.

Ruta går over Andersfjellet til Bjørndalstind og vidare over traversen til Juklavasskruna. Derifrå går turen ned i Bjørndal forbi Bjørndalssetra og ned ved Ringeriksfossen til Murabotnen.

Estimert tid på turen: 10-12 timar

Møtestad: P-plassen ved Fossberg i inngangen av Muradalen

Ikkje nøl med å ta kontakt dersom det er noko ein lurar på! Deltakarar vil bli kontakta av turleiar før turen.

Ser deg til eit luftig hausteventyr!

 

Vilkår for deltakelse på fellesturer: 
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre Generelle vilkår.

Medlemskap i DNT
På denne turen er det tillegg i prisen for de som ikke er medlemmer. Vi oppfordrer likevel alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur. Meld deg inn

På tur med Kvinnherad Turlag

Sjå også andre spanande turar og aktivitetar du kan vera med oss på! Gå til aktivitetssøket

Bjørndalstraversen - Klassikeren i Rosendalsalpene!

Blant Rosendalsalpenes mange spektakulære fjellformasjonar er Bjørndalstraversen ein heftig klassikar! Turen byr på sug i magen og luftig klyving over den snaut ein kilometer lange ryggtraversen, så vel som fantastiske utsikter over blandt ...

Kontaktinformasjon: