Seniortur - Rullestadjuvet

Fellestur

Dato
4. august kl. 09:30 - 16:05
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Etne- og Saudafjellene (se kart)


Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare.

Vi tar ferje frå Utåker kl. 09:45, pga korona tar vi sikte på å køyra med eigne bilar, ingen samordning av transporten.

Frå Skånevik køyrer vi mot E134 over Håland og tek innover Åkrafjorden.

Fotturen startar nede på Rullestad på den gamle postvegen som går opp til Skromme.
Den går i fjellsida på sørsida av juvet og kryssar elva eit stykke oppe i juvet. Vidare går den i vill og særprega natur med flott utsikt over dalen.

Under vegs tek vi ein avstikkar frå postvegen for å sjå nærare på jettegrytene som ligg oppe i fjellsida.
Jettegrytene i Rullestadjuvet er av dei største jettegrytene i nord-Europa. Dei er mange, er fleire meter i diameter, ligg i ei bratt fjellside og det kan vera risikabelt å besøka dei dersom berget er vått. Ein bør heller ikkje ha høgdeskrekk, men det er laga sikring med ståltrinn i berget og wire til å halda seg i for sikring.
Dei er imponerande å oppleva, men det trengst sko med godt mønster for feste på berget. Å besøka grytene bør skje i fint ver for tryggleiks skuld og med tørre berg. Dersom det er vått ver er den gamle postvegen vel verd ein tur åleine. Den er ein av dei mest spektakulære postvegane i landet og naturen i juvet er mellom anna gjengjeve i maleri av Hertervig.

Turen på postvegen er å rekna som middels med høgdeforskjell frå 110 til 310 m.
Lengde frå Rullestad Camping til Skromme er ca 3,5 km, i tillegg kjem avstikkaren til Jettegrytnuten.
Nedatt frå Skromme kan vi følgja Rullestadvegen (gamle E134).

Påmelding skjer her via den raude knappen på høgre sida --->

VEL MØTT 😊

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Utåker ferjekai kl. 09:30
  • Turkarakter:  BLÅ  - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen, men deltakarane må sjølve dekka transporten.
  • Turleiarar:     Jan Helge Opsanger og Steinar Kroka
  • Vandringa:
    • Distanse:  8 km
    • Høgdeskilnad: 200 meter
    • Tidsbruk: 4 timar + pausar.

 

Seniortur - Rullestadjuvet

Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare. Vi tar ferje frå Utåker kl. 09:45, pga korona tar vi sikte ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Helge Opsanger
  • Tlf. 995 74139

Turledere:

  • Steinar Kroka
  • Jan Helge Opsanger