Seniortur - Stovegolvet og Kattnakken, Stord

Fellestur

Dato
27. oktober kl. 08:45 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)


Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare.

Onsdag 27. oktober skal vi ta turen til nabokommunen Stord.
Vi møter ved rundkøyringa Podlen kl 08:15 og fordeler oss i færrest muleg bilar (om ynskjeleg og muleg).
Dei frå Halsnøy møter på ferjekaien i Ranavik, vi skal ta ferja kl 09:05.

Frå Skjersholmane køyrer vi 12-13 km via Fjellgardane og Lundseter til Heio, der er det godt med parkeringsplassar.

Vi er så heldige å få leiaren i Stord-Fitjar Turlag, Gerda Øen, med oss som kjentkvinne.

Vi går opp Sherpatrappene mot Stovegolvet (703 moh) der Stord-Fitjar Turlag har kjøpt det gamle telebygget og innreia det til turlagshytte. Etter ein pause går vi vidare mot Kattnakken (724 moh) og derfrå på grusveg nedatt.

Dette blir ein flott rundtur og vi likar jo utsikt. Det får vi verkeleg på denne turen (om vêret er bra).

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:   Ved rundkøyringa i Podlen kl. 08:15 eller ferjekaien Ranavik kl. 08:45
  • Turkarakter: BLÅ - Middels
  • Turavgift:      Ingen, men deltakarane må sjølve syta for transporten
  • Turleiarar:     Helen Sandvik Røssland og Kjell Ivar Bjørgen
  • Vandringa:
    • Distanse: 3 km
    • Høgdeskilnad: 350 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar

 

Seniortur - Stovegolvet og Kattnakken, Stord

Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare. Onsdag 27. oktober skal vi ta turen til nabokommunen Stord. Vi møter ved rundkøyringa ...

Kontaktinformasjon:

  • Helen Sandvik Røssland
  • Tlf. 993 59 929

Turledere:

  • Kjell Ivar Bjørgen
  • Helen Sandvik Røssland