Seniortur - Bondhusvatnet

Fellestur

Dato
24. november kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!


Denne dagen parkerar vi ved Olaløo, der skal vi nemleg ha eit måltid mat etter turen.
Frå Olaløo går vi opp til den off. parkeringsplassen og på grusveg langs Bondhuselva opp til Bondhusvatnet som ligg 187 moh. Vegen vidare går på ein steinsett veg/sti på høgre sida av vatnet.

Det er ein liten stigning før vi krysser brua over elva som kjem frå Fynderdalsvatnet. Heilt innst er det ei sandstrand.  Bondhusbreen gjekk tidlegare heilt ned til vatnet, og isen har skurt på berget under.

Sidan dette er siste seniorturen i år, vil vi avslutta turen med ei bordsete i Olaløo. Der vil det bli servert lapskaus + kaffi og eit kakestykke. Turlaget sponsar ein del av kostnaden, men vi ber om innbetaling av kr. 100,- i eigenandel. Detaljar for denne innbetalinga blir sendt deltakarane på SMS dagen før turen. 

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:   Olaløo, Sundal kl. 10:00
  • Turkarakter: BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Solveig Sandvik og Arnt Orholm
  • Vandringa:
    • Distanse t/r: 9 km
    • Høgdeskilnad: 190 meter
    • Tidsbruk:  3,5 timar, pausar kjem i tillegg

Seniortur - Bondhusvatnet

Denne dagen parkerar vi ved Olaløo, der skal vi nemleg ha eit måltid mat etter turen. Frå Olaløo går vi opp til den off. parkeringsplassen og på grusveg langs Bondhuselva ...

Kontaktinformasjon:

  • Solveig Sandvik
  • Tlf. 416 91 324

Turledere:

  • Solveig Sandvik
  • Arnt Ludvik Orholm