Kustøl og Faurlio, Guddal

Fellestur

Dato
29. august 2021 kl. 09:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)

Vi går tur til to flotte stølsområder i Guddal; Kustøl og Faurlio. Turen blir lagt opp som ein rundtur med start og sluttpunkt på Naterstad i Guddal. Vi følger gamle stiar på store delar av turen. Oppmøte øvst på Naterstad søndag kl 09.00. Parkering like ved traktorveg. Middels/Krevande tur.

Turen startar med å gå opp traktorveg og deretter følger vi bratt sti opp til Skar og vidare på sti i relativt flatt terreng innover mot Kustøl. Her er det fint å ta ein matbit og vi kan ane korleis stølslivet var før i tida. Etter kvilen går turen vidare til Faurlio, her er det restar etter gamle stølshus og det er og bygd nytt i nyare tid. Det er bratt ned lia men til gjengjeld kan ein nyte storslagen utsikt mot Hildalsvatnet før ein går ned mot Lovatnet og vidare tilbake til Naterstad.

Turen tar ca 6 timar.

Turkart: Folgefonna nasjonalpark.

Kontaktinformasjon: Grete Solheim, Tlf. 99 15 37 85

Kustøl og Faurlio, Guddal

Vi går tur til to flotte stølsområder i Guddal; Kustøl og Faurlio. Turen blir lagt opp som ein rundtur med start og sluttpunkt på Naterstad i Guddal. Vi følger gamle stiar ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Grete Solheim
  • Jarle Fossheim