Seniortur - Gruvene i Ølve

Fellestur

Dato
24. mars kl. 09:10 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre:

  • Det blir obligatorisk påmelding for alle turar.
    Dette skjer via den raude knappen på sida for kvar turomtale (turlaget si heimeside).
    (Ta kontakt med turleiaren dersom du har problem med påmelding via nettet eller dersom du vil melda deg av etter ei påmelding).
  • Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg til startpunktet for turen.
  • Ved frammøte blir det namneopprop, vi har krav om å ha kontroll over kven som er med.
  • Ved frammøte og på sjølve turen må alle halda minimumsavstand på 1 meter til andre personar.
  • Kvar deltakar må ha god allmentilstand og ha med seg håndsprit.

På Årsnes skal vi ta ferja kl. 09:30

Frå Gjermundshamn køyrer vi mot Ølve, passerar den smale brua før Dalsjøen og tar så til høgre mot Dalen og Sunnfjord. Etter ca 2 km parkerar vi bilane i eit gardstun.

Turen vidare går til fots opp Dalen til Øyane, der vi tar til høgre opp gruvevegen til Jabergsmoget. Her er det tre gruver, to djupt nede i grunnen, men gruve 3 kan ein gå innover med lykt og støvlar. NB: Ta med lykt !

Vi passerar gruve 3 på veg opp til Dyråsen der det er spor etter mange gruver og bygningar.

Eva Røyrane er leiar for kulturnemnda i Ølve Bygdelag og har spesialisert seg på gruvehistoriane i Ølve. Ho blir med oss på turen som guide og historie-formidlar.  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Årsnes ferjekai kl. 09:10
  • Turkarakter:  GRØN - Enkel tur
  • Turavgift:       Ingen, men deltakarane må betala ferjebilletten (for bil)
  • Turleiarar:      Kåre Haugse og Jan Helge Opsanger
  • Vandringa:
    • Distanse: 2 km t/r
    • Høgdeskilnad: 100 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Gruvene i Ølve

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre: Det blir obligatorisk påmelding for alle turar. Dette skjer via den raude knappen på ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Helge Opsanger
  • Tlf. 99574139

Turledere:

  • Jan Helge Opsanger
  • Kåre Haugse