Seniortur - Rosendal og Melsdalen

Fellestur

Dato
25. november kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Frå Steinparken går vi opp til Kalvatre og vidare langs røyrgata som fører vatn til Skålaverket kraftverk.

Før inntaksdammen tek vi ein kort sti opp til skogsvegen som går mot Åsvodl, og denne føl vi vidare innover Skåladalen til Ludnabekk og brua «Dinglo» som kryssar Melselva

På andre sida av elva er det kort sti til skogsveg som går til Myrdal, men vi svingar til høgre og går nedover til Kletta. Der tek vi stien ned til inntaksdammen og tilbake til Steinparken.

I Steinparken tek vi ein stopp og får sjå det nye flotte  aktivitetsbygget, Dinosaurhuset
Øystein Skaala viser oss rundt og fortel om parken.....

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Steinparken i Rosendal kl. 10:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Solveig Sandvik og Helen Sandvik Røssland
  • Vandringa:
    • Distanse: 9 km
    • Høgdeskilnad: 320 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Rosendal og Melsdalen

Frå Steinparken går vi opp til Kalvatre og vidare langs røyrgata som fører vatn til Skålaverket kraftverk. Før inntaksdammen tek vi ein kort sti opp til skogsvegen som går mot Åsvodl, ...

Kontaktinformasjon:

  • Solveig Sandvik
  • Tlf. 416 91 324

Turledere:

  • Solveig Sandvik
  • Helen Sandvik Røssland