Padling i Bømlo

Fellestur

Dato
16. juni kl. 08:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Dette arrangementet har allerede startet!

Padletur i Sunnhordland. Turen vert lagd opp etter verforhold og deltakarføresetnader.

Smule farvatn, trange sund, ope hav. Bli med oss for å padla i området rundt Bømlo.

No har du sjansen til å bli med Kvinnherad turlag på padletur i øyriket nord på Bømlo. Vi startar ved Goddo (nord for Bremnes) og padlar mellom holmar og nes i området. Dersom veret blir bra, kan vi padla mot Brandasund og den ytre skjergarden, men vi kan også padla innover i meir skjerma farvatn dersom vi finn ut at det høver best. 

Vi legg opp lengda på padleøktene i samråd med deltakarane, og legg ikkje opp til lange padleøkter. Vi satsar på å bruka heile dagen, og turen høver derfor best for dei som har padla litt frå før.

Du må ha med eigen kajakk, spruttrekk, padlevest og åre. I tillegg treng du mat for dagen.Vi avtaler avreise og frammøte med deltakarane og prøver å arrangera felles køyring frå fastlandsida når vi har fått påmeldingane.

Turleiar: Sturla Helland tlf. 970 24 320 og Leif Gunnar Hovden, tlf.  957 68 135

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sturla Helland
  • Leif G Hovden