Seniortur - Oddavarden

Fellestur

Dato
21. august kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Hardangervidda (se kart)
Dette arrangementet er over!


Ved frammøte i Rosendal samordnar vi transporten vidare til Odda og Korlevoll som er utgangspunktet for turen.

Dette vert ein fottur i oddingane sitt skiområde. Kjekk vandring på godt tilrettelagd sti frå Korlevoll til Oddavarden. Retur via hyttefeltet i Langedalen til P-plass ved tidlegare Solfonn hotell.

Hytteentusiast og trekunstnar Kjell Musland orienterer om den store hytte­­utbyggjinga i Langedalen, og viser oss døme på det rike fugle- og dyrelivet kring hyttene der.
Dette er ein opplevingstur i lettgått terreng hjå naboane våre i aust.

Samla stigning 300 meter, lengde 12 km, tidsbruk 4 timar, pausar kjem i tillegg.

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
Har du bruk for skyss, så ta kontakt på førehand med ein av turleiarane 😉

  • Frammøte:    Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09:00.
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Kåre Eik og Hermund Fenne

 

Seniortur - Oddavarden

Ved frammøte i Rosendal samordnar vi transporten vidare til Odda og Korlevoll som er utgangspunktet for turen. Dette vert ein fottur i oddingane sitt skiområde. Kjekk vandring på godt tilrettelagd ...

Kontaktinformasjon:

  • Kåre Eik
  • Tlf. 957 84 842

Turledere:

  • Kåre Eik
  • Hermund Fenne