Buførevegen

Turen startar på stølen Botsvatn i Krossdalen ved Jondal og endar på Reisete i Vikebygd. Vi går såleis frå vest mot aust. Dette var haust-retningen for dei som i tidlegare tider førte buskapen mellom stølsbeitet ved Jondal og heimegardane Kambastad og Måkastad ved Sørfjorden.

Frå 2012 har det vore arbeidd med istandsetjing av det gamle kulturminnet som Buførevegen representerer. Etter initiativ frå Buførevegens vener i Vikebygdkrinsen og folk frå Jondal har
vegen vorte merkt og skilta, og ikkje minst har sherpaer frå Nepal steinsett lange parti av vegen. På høgfjellet har dei bygd ei rekkje høge retningsvardar. Det vert rikeleg med tid til å studera det flotte arbeidet desse fjellfolka utfører.

Turen tek 9 timar, og stien går opp i 1.400 meters høgd. I høve til å
starta på austsida «sparer» vi om lag 300 meter oppstiging ved å gå frå Botsvatn som ligg på ca. 660 moh. Likevel må nok turen graderast som ekstra krevjande etter dei vanlegaste graderingskriteria. Vi minner om dette, men vil ikkje skremma folk bort frå å vera med på turen, for vi går over eitområde med natur og utsyner som kan ta pusten frå ein. Er vi heldige med veret, kan det verta ein makstur, men forholda i fjellet kan skifta fort. Ein må i alle tilfelle gå med gode fjellsko, ha med varme og vindtette
klede, lue og vottar i sekken (og regnklede i verste tilfelle). Nokre vandrarar set ogsåpris på gode stavar i brattlende og på snø.

Pris: gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. Kostnad til skyss kjem i tillegg.

Turleiar: Jarle Røstbø tlf. 992 97 383 og Anne Kari Enes tlf. 951 96 467

Buførevegen

Turen startar på stølen Botsvatn i Krossdalen ved Jondal og endar på Reisete i Vikebygd. Vi går såleis frå vest mot aust. Dette var haust-retningen for dei som i tidlegare tider førte buskapen mellom stølsbeitet ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne Kari Walborg Enes
  • Jarle Røstbø