Om Kvinnherad Turlag

Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den Norske Turistforening/Bergen og Hordaland Turlag.
Kvinnherad Turlag vart skipa 5. november 1998. Turlaget skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar kommunen. Moglegheitene i nærmiljøet er mange, frå fjord til fonn, på ski, til fots eller i kajakk. I Kvinnherad har vi ein unik natur som og gjev utfordringar for dei som ynskjer å driva bre- og klatreaktivitetar.

Styret

Verv Namn Telefon E-post
Styreleiar Kjell Yri 488 93 150 kjell.yri@knett.no
Nestleiar Jarle Røstbø 992 97 383 jarle@reins.no
Skrivar Mari Teigen Varanes 952 75 277 mari.varanes@gmail.com
Kasserar Knut Steine 982 06 679 knut.steine@gmail.com
Styremedlem Gunnlaug Vågen Tjelmeland 959 74 438
Varamedlem Anne Kari Enes 951 96 467
Varamedlem Sigmund Spjelkavik 91109732
Varamedlem Sjur Langesæter 40044822 Innhold

Grupper og utval

Verv Namn  Telefon
Leiar DNT Fjellsport Kvinnherad Harald Håland 932 48 974
Leiar Barnas Turlag Kvinnherad Geir Arne Seglem 920 88 382
Leiar DNT Ung Kvinnherad Magnus Eide  94821773
Leiar Seniorgruppa i Kvinnherad Jan Martin Skaaluren 917 26 614
Leiar hytteutvalet Anne Kari Enes 951 96 467
Leiar for revisorane Kirsten Bjørke Hellingsrud 472 37 030

VEDTEKTER FOR KVINNHERAD TURLAG

Lokallag av Bergen og Hordaland Turlag

Vedtekne på årsmøtet i Kvinnherad Turlag 31.01.18. 

§ 1 Formål

Kvinnherad Turlag skal arbeida for eit aktivt, sikkert, enkelt og naturvenleg friluftsliv.

Laget skal arbeida for natur-, kultur- og miljøvern i Kvinnherad.

§ 2 Arbeidsområde og medlemsområde

Kvinnherad Turlag er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag og samordnar verksemda si med Bergen og Hordaland Turlag.

Kvinnherad Turlag etablerer ein avtale med Bergen og Hordaland Turlag der organisatoriske tilhøve, gjensidige forpliktingar og lokallaget sitt medlemsområde og arbeids­område blir presisert.

Medlem av Kvinnherad Turlag er alle som er medlem av Bergen og Hordaland Tur­lag/DNT innanfor det avtalte medlemsområdet.

Medlemskontingenten blir fastsett av Bergen og Hordaland Turlag.  Medlemskontingenten blir fordelt mellom Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag og DNT sentralt etter ein fastsett fordelingsnøkkel.

§ 3 Årsmøte

Årsmøte skal haldast innan 20. februar og kunngjerast i lokalpressa og på laget si heimeside minst fire veker på førehand. Saker til årsmøtet skal vera styret i hende minst tre veker før årsmøtet. Berre saker som er nemnde i innkallinga, kan handsamast på årsmøtet.  Årsmøtedokumenta skal vera tilgjengelege på lokallaget si heimeside (og ev. i utskrive format på bibliotek eller liknande) 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtedokumenta skal også delast ut på årsmøtet.

Årsmøtet skal handsama:

1)     Årsmelding

2)     Revidert rekneskap

3)   Budsjett

4)     Innkomne forslag

5)     Val på:

a.     Styreleiar for 2 år første gong, deretter attval for 1 år om gongen

b.     4 styremedlemer for 2 år

c.      3 varamedlemer til styret for 1 år

d.     Leiar og 2-4 medlemer i undergrupper, alle for 1 år

e.     2 revisorar for 1 år

f.       1 medlem i valnemnda for 3 år og 1 varamedlem for 1 år


Alle som er medlemer i Kvinnherad Turlag, har stemmerett på årsmøtet frå dei fyller 15 år.

Årsmøtepapir skal sendast Bergen og Hordaland Turlag etter handsaminga.

§ 4 Ekstraordinært årsmøte

Etter vedtak i styret eller etter skriftleg krav frå minst 10 % av medlemene skal det haldast ekstraordinært årsmøte.

Møtet skal innkallast med minst 14 dagars varsel.  I innkallinga skal dei sakene som skal handsamast, nemnast. Dokumenta skal vera tilgjengelege frå det tidspunktet møtet er kunngjort.

§ 5 Styret

Kvinnherad Turlag vert leia av eit styre som skal syta for forsvarleg organisering og leiing av laget.

  • Styret vert valt av årsmøtet, og har ein leiar, 4 styremedlemer og 3 varamedlemer.
  • Utanom leiar konstituerer styret seg sjølv.
  • Leiar i ev. undergrupper har møterett og talerett i styremøta.
  • Styreleiar kan attveljast på årsmøtet for 1 år av gongen.
  • Dei andre styremedlemene kan attveljast på årsmøtet for 2 år av gongen.
  • Medlemer av styret kan utan avbrot ha same årsmøtevalde tillitsverv i maksimalt i 8 år.

Innkalling til styremøta skal gjerast av leiaren i laget eller av 2 styremedlemer i fellesskap.

Styret kan gjera vedtak når minst 50% + 1 medlem stemmer for vedtaket.

Styreleiaren saman med ein styremedlem forpliktar Kvinnherad Turlag med sine underskrifter.

§ 6 Arbeidsgrupper

Styret kan oppnemna arbeidsgrupper for å hjelpa seg med arbeidet på ymse område. Arbeidsgruppene er ansvarlege overfor styret. Ein representant frå styret bør vera medlem i kvar arbeidsgruppe.

Medlemene til arbeidsgruppene vert oppnemnde for 1 år om gongen.

§ 7 Valnemnd

Det skal vera 3 medlemer og 1 varamedlem i Kvinnherad Turlag si valnemnd.

Den som har lengst ansiennitet i valnemnda, er leiar.

Valnemnda skal fremja forslag på kandidatar til følgjande tillitsverv:

a)      Styreleiar

b)     Styremedlemer

c)      Varamedlemer til styret

d)     Leiar og medlemer av undergrupper

e)      Revisorar

Forslag på kandidatar kan også koma frå medlemer av laget frå det året medlemen fyller 15 år.

Seinast 14 dagar før årsmøtet skal valnemnda leggja fram liste over sine forslag til kandidatar for komande val.

Forslag til nye medlemer i valnemnda blir lagt fram av styret.

§ 8 Vedtektsendring

Forslag på vedtektsendringar må vera styret i hende innan utgangen av desember.

Ev. endring av vedtektene krev at minst 2/3 av dei frammøtte på årsmøtet stemmer for. Forslag på vedtektsendring må først ha vore til uttale i styret i Bergen og Hordaland Turlag.

§ 9 Oppløysing

Oppløysing av Kvinnherad Turlag må vedtakast av to årsmøte, og minst ¾ av dei frammøtte på årsmøtet og ekstraordinært årsmøte må stemma for oppløysing.

Ved oppløysing skal laget sin formue og eigneluter overførast til Bergen og Hordaland Turlag.


---------------- x o x -----------------


Desse vedtektene erstattar heilt og fullt tidlegare vedtekter daterte 05.11.98 med seinare endringar.