Kvinnherad Fjelltrim

Kvinnherad Turlag, idrettslaga i Kvinnherad, Bedrifts­idrettslaget Hydro Husnes og lokale bygdelag har lagt ut registreringsbøker og klyppetenger på 16 ulike turmål. Kommunen er inndelt i åtte ulike område med to turar i kvart av dei. Registrer deg på minst fem turmål – i tre ulike område. Då har du greid kravet til fullført fjelltrim!

Fjelltrimkortet for 2019 finns i turlaget sitt turprogram Ta Turen som blir sendt til alle medlemmene. Turprogrammet blir også lagt ut på biblioteket, turistinformasjonen, andre offentlege kontor og i Sport1-butikkane på Husnes og i Rosendal. Det er muleg å skrive ut fjelltrimkortet frå turprogrammet på turlaget si heimeside.

Turmåla i Kvinnherad Fjelltrim finns også på DNT sin tur-app: SjekkUT. Denne appen inneheld kart som viser aktuelle turmål (også i andre kommunar), og kan lastast ned gratis. Den fungerar slik at du får opp eit varsel når du er nær turmålet, og då kan du logga deg inn. Du kan også skriva i turmålet si gjestebok og leggja inn eit bilde der.

Når du er ferdig med turane dine, leverer du fjelltrimkortet til ein av Sport1-butikkane i Kvinnherad eller til Jan Martin Skaaluren, Muffabakken 11, 5451 Valen innan 1. november saman med kr. 50,-. Alle som fullfører Kvinnherad Fjelltrim, vert inviterte til ei samkome på seinhausten. Det vert premiering av dei yngste trimmarane og utmerkingar til dei som har fullført Kvinnherad Fjelltrim 5, 10 eller 15 sesongar.

GOD TUR !​​​​​​​