Turen går til Mjelkhaug

Mot Mjelkhaug og Vardhaugen
Mot Mjelkhaug og Vardhaugen Foto: Anne Kari Enes

Mjelkhaug (1005 moh) er det høgste fjellet ovanfor Husnes og Valen 

Mjelkhaug  er det høgste fjellet ovanfor Husnes og Valen. Når me står ved varden, er me 1005 m. over havet. Mjelkhaug ligg som eit landemerke sett frå Husnes – sida og er lett tilgjengeleg for dei aller fleste. Toppen kan nåast på merka stiar både frå Helland og frå Valen. Me har valt å ta turen frå Valen.

Turen.

Ovanfor Valen Sjukehus ligg Søsterheimen vakkert til. Her startar turen vår. På traktorveg er det jamn stigning opp gjennom skogen. Traktorvegen vert etter kvart ein sti innan me når fram til Olderbotn . Her finn me ei gild hyttesom vart reist av Valen Sjukehus i 1924.

Den vart nytta m.a. som kvilebu i hogstsesongen. Hytta vart restaurert i 2004 og framstår  i dag som ei gild hytte.

Herfrå fylgjer stien eit bekkefar opp gjennom  skogen til me er over tregrensa inn under Svehaugane. Her dreg stien av mot aust og syner oss vegen opp forbi Vetle Vardhaug og fram til Vardhaugselet . Vardhaugselet stod ferdig  restaurert  i 2002. Også denne gilde hytta står open for alle. Båe hyttene som her er nemnde, er restaurert av Interesselaget for Vardhaugselet. Selet vart murt opp kring 1860. Her var stølsdrift fram til kring 1905.

Frå Vardhaugselet går me opp ein liten, bratt bakke før me når Vardhaugen. Herfrå er det mest lett terreng innover  før siste stigningane  opp mot Mjelkhaug. Her går den merka ruta (varda) på vestsida opp fjellet. På toppen flatar det ut igjen før me når bort til høgste punktet. Her har BIL Søral lagt ut bok for dei som vil signera.

Frå toppen er det vid utsikt. Havet og fjorden mot sør og vest, Manen, Englafjell og Rosendalsalpane mot nord og Ulvanosa mot aust. I godt ver ser me heilt inn mot ”den kvite kåpa ”, Folgefonna.

Medan me er på toppen, må me ta turen bort til Mjelkhaugsteinane. Dei ligg ca. 300 m rett aust for varden som eit stort monument. Desse steinane er synlege frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke.

Ei lita tjørn ligg det også her oppe. Sommarstid  kan det vera gildt å  lauga seg i tjørna.

Heim att fylgjer me merka sti ned vestsida på Mjelkhaug. Stien deler seg straks me kjem ned på Svaneheia. Her går ein sti ned mot Husnes (Helland) og ein sti utover Svaneheia mot Valen.

Me fylgjer stien mot Valen. Her er det mest heilt flatt utover mot Nordfjell. I tregrensa ovanfor Kokkelberg deler stien seg igjen. Tek me stien som går rett fram, kjem me ned i Teigen.  Me fylgjer stien som bryt av til venstre ned mot Valen. Stien er lett synleg ned gjennom skogen. Den breier seg snart ut til traktorveg som syner oss ned til Søsterheimen. 

Tar me turen på denne måten, vert  det soleis  ein fin rundtur.

Me må rekna ca. 2,5 – 3 timar opp og 1,5 -2  timar ned.

Denne ruta til toppen av Mjelkhaug er 6 km lang og har ein stigning på 900 m.

Turen kan me også gå på ski om vinteren dersom  snøen er der. Skia må me mest truleg bera  til tregrensa eller 45 min. – 1 time. For deg som er røynd på ski, kan det vera gildt å setja  utfor  Mjelkhaugbråta!

God tur !








Olderbotn-hytta ligg fint til i skogen ovanfor Valen. Du passerer på veg til fjells.
Olderbotn-hytta ligg fint til i skogen ovanfor Valen. Du passerer på veg til fjells. Foto: Anne Kari Enes
Vardhaugselet ligg fint til på Svanaheia, ved foten av Vardhaugen. Turen går innom her.
Vardhaugselet ligg fint til på Svanaheia, ved foten av Vardhaugen. Turen går innom her. Foto: Anne Kari Enes
Utsikt frå Mjelkhaug mot Nordfjell og Sunnhordland.
Utsikt frå Mjelkhaug mot Nordfjell og Sunnhordland. Foto: Anne Kari Enes
Mjelkhaug i vinterdrakt. Utsyn nordover mot Englafjell og Ulvanosa.
Mjelkhaug i vinterdrakt. Utsyn nordover mot Englafjell og Ulvanosa. Foto: Anne Kari Enes