Turen går til Borgundnuten

Varden på Borgundnuten
Varden på Borgundnuten

Borgundnuten når opp i 462 moh. og gjer Borgundøy til eit kjent landemerke frå alle himmelretningar.

Turen går til Borgundnuten


Borgundnuten når opp i 462 moh. og gjer Borgundøy til eit kjent landemerke frå alle himmelretningar. 


Turen vår startar frå ferjekaien. Følg vegen oppover forbi skulehuset til vegskilje. Følg så skiltet ”Turveg til fjells” til høgre på grusveg eit stykke før du kjem til ein liten bakke, ta av mot høgre på gamal kjerreveg eit lite stykke før du tar av på sti opp lia til venstre. Vegen vidare går gjennom brakeskog på god sti heilt mot toppen av Borgundnuten. På vegen opp får du eit vidt utsyn mot sør når du kjem ut av skogen. 

Når du er komen til toppen på Borgundnuten, får du eit storslått utsyn over heile Sunnhordland, havet i sør, Bjoalandet, Romsa og nordover mot Kvinnherad-fjella, dei mektige fjella Ulvanosa, Englafjell og Mjelkhaug. Folgefonna ligg som eit kvitt bakteppe.

Turen er verdt eit besøk, det tar ein times gange i roleg turtempo å nå toppen. 


Fjelberg var eit sentrum då båten var det viktigaste framkomstmiddelet. I dag er det mest lystbåtturistar som legg turen hit. Sølvi Fosse hjå landhandelen i Fjelberg kan fortelja at svært mange av båtturistane tar turen opp til Borgundnuten for å nyta utsynet. I boka er det kvart år om lag 6-700 som skriv seg inn. Kvinnherad Turlag har Borgundnuten som eitt av turmåla i Kvinnherad Fjelltrim.


Namnet Fjelberg kjem av norrønt fjolbyrjan: ”staden med mange slags bør”. Då siktar ein truleg til kastevindane som kjem frå Borgundnuten. Ein kunne tru at Fjelberg er ein stad med mykje fjell eller berg. Namnet tyder altså ein stad der det bles mykje, altså ein verhard stad. 

Ei anna tolking nemner at Fjelberg tyder ”staden som ber på mykje”, dvs. har rik avkasting til sjøs og på land. 

Førsteleddet i Borgund (det gamle namnet på øya) tyder derimot ”berg, høgd”. Sisteleddet –und viser at dette er eit gamalt namn. Dette etterleddet har inga eigentyding, men understrekar tyding av førsteleddet, slik at Borgund tyder: ”Den bergrike, den høge”.

Landhandelen har samanhengande historie tilbake til 1848. Men Fjelberg var eit livleg handels- og kyrkjeknutepunkt i mange hundre år før det. 

Gamlekyrkja på Fjelbergøy kan ha vore bygd allereie mellom 1150 og 1350. Prestegarden er nemnd første gong i skrifter frå 1519, bispestova skal vera reist kring 1730. 

Fram til 1917 høyrde også Ølen med Bjoa til Fjelberg herad, som frå då av og fram til 1963 omfatta Borgundøy, Fjelbergøy, Halsnøy og Kvinnherad sitt fastland frå Valen til Utåker.


Katten i Borgundnuten 


Torleiv Sydnes har fortalt ei segn som lever på Borgundøy: Ein gong for lenge sidan fall ein katt ned i ei fjellsprekk på toppen av Borgundnuten. Katteeigaren ville gjerne hjelpa pus opp og ut av fjellet. Men same kor lenge han kava på, så lukkast ikkje hjelpeaksjonen.

Etter dette var ikkje katten meir å sjå på mange veker. Men då eit par månader var gått, vart katten funnen på garden Karteig, som i vest grensar til Fjelbergsund og i aust til Sydnessundet. Katten var i skral forfatning, utmagra og halvvill då han vart funnen.

Spekulasjonane kring kattelagnaden dei vekene han var borte, har opp gjennom åra vore mange. Nokre meiner at det finst ei fjellsprekk som går frå toppen av Borgundnuten og heilt ned til Karteig. I så fall har katten hatt god bruk for nattsynet for å finna fram.

Dei meir fantasifulle har ei anna forklaring: Katten vart funnen av dei underjordiske som tykte synd i katten. Han var både lurvete og lite å sjå til etter å ha smoge i trange fjellgangar. Men dei underjordiske såg seg mon i å ha ein musefangar om det skulle verta museår.

Musefangaren fann lite mus å metta seg på inne i hole fjellet. Han lengta ut til sol, ljos og spretne skogsmus, og gav det til kjenne ved å jamra både seint og tidleg.

Dei minste av dei underjordiske syntest synd i katten. Og ein ’mørk’ kveld hjelpte dei han til å finna vegen ut. Katten sin vidare lagnad fortel segna ingen ting om. 


Gjest Baardsen skal ha funne same holet i samband med at han sat fengsla på Klosteret. Men det er ingen andre som har funne denne fjellsprekken.

Elles fortel Sydnes oss at det nordvest for varden er ei samling med stein som ikkje kan vera plassert der av menneske. Spekulasjonar omkring dette går ut  på at det er restar frå ei vakthytte frå Olav Kyrre si tid. Borgundnuten skulle såleis vera ein eigna stad for vardebrenning den gong det vart nytta som varslingssystem. På klåre dagar kan ein sjå ”uendeleg” langt, mellom anna til Utsira, som òg er kjend for å vera ein vardestad.


Me kan berre ønska deg god tur og oppmoda om å nytta ein klår dag til turen opp på Borgundnuten for å nyta utsynet med eigne auge. God tur!


Kvinnherad Turlag





Borgundnuten
Borgundnuten