Kajakk og Via Ferrata i Åkrafjorden

Godt å få kvile og ny energi.
Godt å få kvile og ny energi. Foto: Sturla Helland


Helga 12. -14. juni arrangerte Kvinnherad turlag padletur frå Åkra til Fjæra. Vi overnatta hos Åkrafjorden nature, og dei arrangerte klatretur i via ferrata for oss dagen etter. Om ettermiddagen den dagen padla vi til Skålnes der vi overnatta i lavvo før vi padla tilbake til Åkra på søndagen.


Turen vart ei fin oppleving i nydeleg vèr for 5 turdeltakarar og 2 turleiarar. Vi fekk erfare at Åkrafjorden er lang i austavind, skulle gjerna hatt meir tid til å besøke alle småstadane innover. I Fjæra fekk vi utfordra grenser når det gjeld å tåle høgde, og alle var godt nøgde med seg sjølv når vi var vel nede igjen, og klare for å starte på heimturen i kajakkane.



Klikk her for å skrive tekst.

Godt i gang med Kykjeveggen.
Godt i gang med Kykjeveggen. Foto: Sturla Helland

Skrevet av Jarle Røstbø 27. juni 2020