Tilskot til nye turskilt frå Sparebankstiftinga

Styreleiar Kjell Yri med beviset på gåva Kvinnherad Turlag og resten av Turstiprosjektet mottok i dag.
Styreleiar Kjell Yri med beviset på gåva Kvinnherad Turlag og resten av Turstiprosjektet mottok i dag. Foto: Anne Kari Enes

Kvinnherad Turlag takkar for gåva på kr. 50 000,- laget mottok frå Sparebank1-stiftinga. Pengane skal nyttast til vedlikehald og oppgradering av turskilt til dei 69 turstiane som er med i Turstiprosjektet.

Mange bygdalag og lokale idrettslag er med i turstiprosjektet og pengane vil koma heile Kvinnherad til gode med oppgradering av turskilta, som er slitne av ver og vind.


Meir om Turstiane kan du lesa her: http://tursti.kvinnherad.no ​​​​​​​