Strålande langs Dronningstien

25 deltakarar på fellesturen langs Dronningstien 4.september
25 deltakarar på fellesturen langs Dronningstien 4.september Foto: Ann Kathrin Røssland

Dei 25 deltakarane på fellesturen langs Dronningstien hadde ein flott tur! Det var ein sprek og kjekk gjeng som fekk oppleva panorama over Hardanger i strålande sol.

H.M. Dronning Sonjas panoramatur går opp til 1100 høgdemeter i fjellet mellom Kinsarvik og Lofthus. Vidt utsyn over Sørfjorden og Folgefonna.

Sjå ut.no for meir info. om ruta: http://www.ut.no/tur/2.5368/

Turleiarane Ann Kathrin Røssland og Mona Eikemo Røstbø er godt nøgd med gjennomføringa av turen. Ann Kathrin har foreviga deltakarane. Sjå bildekarusellen.


Skrevet av Anne Kari Walborg Enes 4. september 2016