Ver aktiv i september med turlaget

I Reisetelii. 17.september skipar vi til tur langs Buførevegen saman med Odda/Ullensvang turlag
I Reisetelii. 17.september skipar vi til tur langs Buførevegen saman med Odda/Ullensvang turlag Foto: Kåre Eik

September er ein aktiv månad for turfolk og vi byr på noko for alle. Først ut er Kom deg ut-dagen 4.september, då ein kan delta på familiedagen ved Opstveitvatnet i Matre eller på tur langs Dronningstien i Lofthus. 

Aktiv september med turlaget

Komande helg er det den nasjonale Kom deg ut-dagen. Kvinnherad Turlag byr på familiearrangement og fottur. Barnas turlag skipar til aktivitetar for heile familien ved Opstveitvatnet i Matre. Dei legg til rette for grilling, ta med det du ønskjer å grille, fiske og fiskekonkurranse. Vidare stiller barnas turlag med kanoar og kajakkar og legg til rette for padling for alle som ønskjer å prøva det.  Sverre Myklebust og Geir Arne Seglem i barnas turlag ønskjer velkommen.

For dei som vil nytta førstkomande sundag til å koma seg ut på fottur, tilrår vi å bli med og gå langs Dronningstien frå Røte til Lofthus. På turen får du oppleva storslagen natur ved kanten av Hardangervidda og med utsyn over Sørfjorden. Turen går i variert terreng og gruppa avsluttar med nedstigning langs Munketreppene. Turleiarar er Ann Kathrin Røssland, Mona Eikemo Røstbø og Sangeeta Pal. Sjølve fotturen tar om lag seks timar.

Seinare i september, 17.september, skipar Odda/Ullensvang og Kvinnherad Turlag saman til fottur langs Buførevegen. Fotturen går over Folgefonnhalvøya frå vest mot aust.  Start og opningsseremoni på stølen Botsvatn i Krossdalen på vestsida og mål på Reisete i Vikebygd. Vi går såleis haust-retningen for dei som i tidlegare tider førte buskapen mellom stølsbeitet  på Jondal-sida og heimegardane Kambastad og Måkastad ved Sørfjorden.

Det vert sett opp buss til og frå start og turmål. Turen tek om lag 9 timar, og stien går opp i 1400 meters høgd. Turen må graderast som ”svart” og ”tung” etter dei vanlegaste graderingskriteria. Til gjengjeld  får deltakarane storslegen utsikt over fjord, fjell og fonn. I tillegg kan dei nyta lange parti av stien som er varda og steinsett av sherpaer dei siste åra, eit arbeid sett i gang av Buførevegens vener. Når vi kjem fram til Reisete, kan deltakarane kjøpa seg betasuppe før dei stig på bussen heimover. I fjor var over 40 deltakarar påmelde, men turen vart avlyst grunna dårleg ver. Dette året satsar vi på klårver og god sikt!

Laurdag 24.september skipar vi til fottur til Sauabreen og Sauanuten. Turen startar frå Bergstø, Vintertun. Dette er ein lang og ganske krevjande tur i flott høgfjellslandskap opp mot sørenden av Folgefonna. Vi går ein rundtur om Sauanuten, 1400 moh., med flott skue mot Fonna og Sauabrehytta, før me går stølsvegen tilbake. Nærare informasjon om transport får du ved å kontakta ein av turleiarane Sverre Bjørnevik eller Leif Hovden.

Seniorgruppa i turlaget skipar til fottur til Borgundnuten 14.september. Gruppa tek ferja frå Sydnes og går langs vegen opp forbi Brekke skule. Så vidare på skogsveg og sti til toppen  som ligg på 462 moh. Opp gjennom skogen passerer vi eit parti med store søylebrakar. Frå toppen av Borgundnuten er det vidt utsyn over Sunnhordland. Nedturen går via Kattnakken på sti og skogsveg til ferjekaien, slik at dette vert ein fin rundtur. Turleiarar er Jan Helge Opsanger og Jan Martin Skaaluren.

Siste onsdagsturen i september reiser seniorgruppa til nabokommunen, Jondal. Gruppa køyrer til Herand og går i lett skogsterreng fram til Vatnasetvatnet. Turleiarar for denne turen er Marita Handegard og Jan Martin Skaaluren.

Ungdomsgruppa håpar å få med seg ungdomar til Borgundnuten 25.september. Det er frammøte ved Sydnes ferjekai og gruppa tek ferja til Fjelberg og går frå kaien opp til Borgundnuten 462 moh. Turen tar om lag tre timar. Wanda Eliassen Medhus og Steinar Medhus er turleiarar. Turen høver best for ungdom i alderen 13 år og oppover.

Fjelltrim. Vi minner elles om at det er ei fin tid for å gå turane i Kvinnherad Fjelltrim. Ein finn klyppekortet i turprogrammet Ta Turen og på nettsida. Turfaldaren finns hjå lokale sportsbutikkar og på biblioteket. Frist for innlevering av fjelltrimkortet er 1.november. registrer deg på minst fem turmål i tre ulike område. Då har du greidd kravet til fullført fjelltrim. Høver for alle aldrar og er ein god motivasjon for born.

Meir informasjon om turar og aktiviteter, finn ein på laget si nettside og i eiga annonse.


For Kvinnherad Turlag

Anne Kari Enes


På Kom deg ut-dagen søndag 4.sept. legg vi til rette for padling i kano og kajakk. Det vert også fiskekonkurranse. Møt oss ved Opstveitvatnet i Matre frå kl. 15.00.Biletet er frå eit tidlegare arrangement og viser ein ivrig fiskar, Håkon Skjelnes.
På Kom deg ut-dagen søndag 4.sept. legg vi til rette for padling i kano og kajakk. Det vert også fiskekonkurranse. Møt oss ved Opstveitvatnet i Matre frå kl. 15.00.Biletet er frå eit tidlegare arrangement og viser ein ivrig fiskar, Håkon Skjelnes. Foto: Anne Kari Enes

KOM DEG UT-DAGEN 4.sept.

Barnas Turlag arrangerer familiedag ved Opstveitvatnet, Matre. Grilling, fiske og padling. Vi stiller med kanoar og kajakkar og legg til rette for ulike aktivitetar.

Fiskekonkurranse. Ta med fiskestang. Frammøte kl. 15.00. Følg merking.

Kontaktinfo.: Geir Arne Seglem, tlf. 920 88 382

DRONNINGSTIEN Frå Røte til Lofthus 4.sept.

Panoramatur høgt over Sørfjorden. Munketreppene ned.

Avreise frå Rosendal kl. 07.00 i eigne bilar.

Turen tek om lag 6 timar.

For meir info.: Ann Kathrin Røssland Tlf. 911 47 758

TUR LANGS BUFØREVEGEN 17. september

Fellestur for Odda/Ull. og Kvinnherad turlag

Rute: Botsvatn – Reisete

Buss frå Eitrheim/Boliden kl 0730, frå Austrepollen 0745

Retur frå Reisete ca. kl 1900

Tur-/transportutgift: kr 350 Ha med kontantar!

Betasuppe på Reisete ved framkomst: kr 150 m. drikke/flatbrød

Gangtid ca 9 timar. Gradering: tung/svart

Bindande påmelding til: Hermund Fenne 917 03 488 helst sms

innan tysdag, 13. sept.

FOTTUR TIL SAUABREHYTTA 24.september

Dagstur frå Bergstø, Vintertun til Sauabreen og Sauanuten. Flott rundtur i høgfjellslandskap.

Påmelding og info.: Sverre Bjørnevik, tlf. 970 24 324 eller Leif Hovden, tlf. 957 68 135

BORGUNDNUTEN 14.september

Seniorgruppa. Frammøte i Podlen v. Rundkøyringa kl. 0840. Ferje frå Sydnes kl. 0925.

For meir info. Og påmelding: Jan Martin Skaaluren, tlf. 917 26 614

VATNASETVATNET i HERAND 28.september

Seniorgruppa. Flott rundtur. Frammøte ved parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 09.00

Turleiarar: Marita Handegard, tlf. 952 75 478 og Jan M. Skaaluren, tlf. 917 26 614

UNGDOMSTUR til BORGUNDNUTEN 25.september

Ferje frå Sydnes. Avtale om skyss ved påmelding til turleiar Wanda E. Medhus på wanda.eliassen.medhus@kvinnherad.kommune.no

Sjå nettsidene: kvinnherad.turistforeningen.no for meir informasjon og påmelding



Skrevet av Anne Kari Walborg Enes 1. september 2016