Blådalshytta offisielt opna.

Over 100 personar var med på opninga idag
Over 100 personar var med på opninga idag Foto: Kjell Yri

Vergudane var i godlynne idag då Blådalshytta vart offisielt opna. Meir enn 100 personar var tilstades på den stilfulle  opninga.

Ove Tvedt og Interesselaget Vardhaugselet saman med alle gode hjelparar skal ha mykje ros for oppføringa av denne fine hytta. Open for alle heile året.  Vakker musikalsk innslag, huldredans og helsingar gjorde opninga svært vellukka.

Gave frå Kvinnherad Turlag var ei vedkorg og askebøtte med spade.

Klikk her for å skrive tekst.

Leiar i Kvinnherad Turlag, Kjell Yri heldt helsingstale og overrekte gave til Blådalshytta
Leiar i Kvinnherad Turlag, Kjell Yri heldt helsingstale og overrekte gave til Blådalshytta Foto: Kåre Eik

Skrevet av Kjell Yri 28. august 2016