Seniortur til Blådalshytta

Den romslege hytta og annekset med do og vedbu vart tekne i augesyn av fornøgde turgåarar som nok kjem til å koma på gjenvisitt. Også denne hytta er "open for alle alltid" der ho er plassert høgt og fritt ved Veranuten med utsyn over Blådalen og vatnet heimover mot Brandvikhorga.
Den romslege hytta og annekset med do og vedbu vart tekne i augesyn av fornøgde turgåarar som nok kjem til å koma på gjenvisitt. Også denne hytta er "open for alle alltid" der ho er plassert høgt og fritt ved Veranuten med utsyn over Blådalen og vatnet heimover mot Brandvikhorga. Foto: Bart van Gool

Onsdag, 17. august tjuvstarta 52 seniorar eit par veker før offisiell opning til hytta ved Grønavikvatnet i Blådalen som Interesselaget Vardhaugselet og andre lokale eldsjeler har fått reist

Onsdag, 17. august tjuvstarta 52 seniorar eit par veker før offisiell opning til hytta ved Grønavikvatnet i Blådalen som Interesselaget Vardhaugselet og andre lokale eldsjeler har fått reist. Frå kraftstasjonen Blåfalli 4 ved Blådalsbotnen og langs Blådalsvatnet bakte sola på opplagde turgåarar både på fram- og tilbaketuren, så det vart ein makstur av dei sjeldne.

Når det i tillegg vart sett ny deltakarrekord på ein dagstur i seniorgruppa til Kvinnherad turlag, vitnar det om at turmålet var populært og at turgåarane var kjende med dei gode vervarsla.
Den romslege hytta og annekset med do og vedbu vart tekne i augesyn av fornøgde turgåarar som nok kjem til å koma på gjenvisitt. Også denne hytta er "open for alle alltid" der ho er plassert høgt og fritt ved Veranuten med utsyn over Blådalen og vatnet heimover mot Brandvikhorga.

Denne dagen heldt dei fleste seg ute på lyngrabbane rundt hytta, men hytta vil vera til stor nytte for folk som ferdast i området når veret slår seg vrangt.
Nokre av turdeltakarane var godt kjende i området og la tilbaketuren langs Beistavegen over Blådalsskar mot Brandvikhorga og Blådalsdammen.
Turleiarane skriv i turrapporten sin at det var semje om at dette var ein tur for minneboka.


Det var vanskeleg å få teke gruppebilde av deltakarane denne gongen, men her er namna på dei som var med:
Jan Helge Opsanger, Vigdis Jensen, Torunn Svantesen, Kjell Ivar Bjørgen, Sigunn Antonsen, Egil Hovda, Sigmund Spjelkavik, Synneva Stuland, Audun Tvedten, Eli Olsen, Ole Jan Olsen, John Tveit Skogtun, Jan Martin Skaaluren, Sigrun Heen, Karl Johan Ottesen, Per P. Skåle, Marie Eik Nygård, Solveig H. Sandvik, Tor G. Sandvik, Elin Lien, Kristian Lien, Solveig Haugse, Kåre Haugse, Tørris Skaaluren, Olaug Særsten, Leif Helge Særsten, Olav Haugse, Anne Marie Handeland, Oddvar Solheim, Jenny Knarvik, Margot Sjo, Audun Eik, Årstein Eik, Åshild Bjelland Eik, Marit van Gool, Bart van Gool, Roald Teigen, Nils Raudstein, Torunn Lekva, Helen S.k Røssland, Else M. Helleland, Toril Tjelmeland, Ivar Vaage, Leif Hovden, Borgny Særsten, Øyvind Særsten, Gunn J.Steinsland, Jan Steinsland, Helge Skogseide, Astrid Eikeland.
Hermund Fenne, turleiar
Kåre Eik, turleiar

Foto: Bart van Gool

Langs stien inn til Blådalsvatnet. Turen startar ved Blåfalli IV
Langs stien inn til Blådalsvatnet. Turen startar ved Blåfalli IV Foto: Bart van Gool
52 personar deltok på fellesturen til Blådalshytta onsdag 17.august.
52 personar deltok på fellesturen til Blådalshytta onsdag 17.august. Foto: Bart van Gool