Fin sykkeltur i vakre Hardanger

Rad på rad med blømande epletre og mange fotomotiv langs vegkanten. Mona og Eirik ved Solesnes.
Rad på rad med blømande epletre og mange fotomotiv langs vegkanten. Mona og Eirik ved Solesnes. Foto: Anne Kari Enes

Langs rolege vegar i Hardanger kan ein oppleva blømande frukttre og ramslauk i vegkantane. Vi sykla ein fin runde frå Årsnes i Kvinnherad, via Ænes, Hessvik, Jondal, Solesnes, Herand, Tørvikbygd, Strandebarm, Omastrand, Mundheim, Gjermundshamn i mai og fann roen.

6 deltakarar og 2 turleiarar sykla dei om lag 8 km frå Årsnes til Ænes. Frå Ænes vart vi skyssa i ein open fiskebåt med skysskar Sigbjørn Nerhus. Han har vore landpostbod og kjenner mykje lokalhistorie som krydra turen over til Hessvik.

Godt ver, opphald og stille. Fin temperatur.

I land på Hessvik sykla vi mot Årsand og forbi Torsnes i retning Jondal. Roleg på vegen, på denne strekka møtte vi berre to bilar. Ja, vi sykla både to og tre i bredda.

Frå Jondal sykla vi opp bakkane mot Jonaneset, vidare forbi dei fagre grendene Solesnes og Svåsand. Her kikka vi på skiferbrot, vakre, velstelte tun og blømande frukthagar. I Svåsand var vi nedom sjøen og såg på den godt bevarte naustrekkja. Vel framme i Herand, fekk vi omvisning på Kulturhistorisk museum i bygdehuset. Utstillinga viste ”livet” i Herand for 9000 år sidan og fram til nyare tid. Pensjonert Lærar Trond Vikane (som har arbeidd i Kvinnherad i 40 år) viste oss rundt og fortalde om dugnadsånd og lokalhistorie i Herand. 

Vi installerte oss i to leiligheter ved Bakketun overnatting. Garden er 150 år gamal, den gamle løa er innreidd til leiligheter. Og fungerte godt for oss! Middagen valde vi å ta ved det lokale Meieriet Restaurant, steinovnsbakt. Vi besøkte også Oppgangssaga og Båtbyggarmuseet i Herand. 

Det er imponerande handverkstradisjonar i dette området. Av 400 innbyggarar rundt 1900, var det 60 båtbyggarar!

Søndag morgon sykla vi etter frukost og utvask i retning Jondal. Regn heile dagen.

Frå Tørvikbygd sykla vi mot Strandebarm, kor vi hadde ein matpause i mykje regn. Så vidare mot Omastrand og til Nestunet. Her fekk vi servert suppe og fekk omvisning i gardstunet. Nestunet er tildelt Norsk kulturarv sitt kvalitetsmerke Olavsrosa.

Så langt var trafikken roleg. Frå Mundheim til Gjermundshamn var det meir trafikk.