Mange og varierte turar i vente

Fonnabu turisthytte
Fonnabu turisthytte Foto: Anne Kari Enes

Turlaget har mykje å by på i tida fram mot sommarferien. Alt frå vårskitur til kajakkpadling og turar til fots for store og små.

Foto: Anne Kari Enes

På søndag inviterer vi til skitur på Folgefonna. Dersom vegen er brøytt til Markjelke, går vi om Hardingaskaret, Hundsøyra og inn på fonna til Holmaskjer.

Dette er ein lang, men flott dagstur. Frå Hardingeskaret er det vidt utsyn utover Maurangerfjorden. Turen til Holmaskjer går i kupert terreng, men om ein har gått litt på ski i vinter, let det seg fint gjere å delta her. Ein vårskitur på Folgefonna er noko alle bør oppleva. Snøforholda er ofte gode og det er spesielt vakkert med kontrastane til vår og grøne bakkar i låglandet. Vi møter i Rosendal tidleg sundag og får kyndig turleiing av Jarle Røstbø og Geir Ove Eikemo.

7.juni er det mogleg å få innføring i kajakkpadling, då held vi eit tre timar kurs med vekt på å læra padleteknikk og å koma seg trygt oppi og utav kajakken. Det er grunnleggande teknikkar for å ferdast i kajakk. Kurset skal føregå på Sunde.

8.juni er det borna sin tur. Då inviterer Barnas turlag til padling og fiske på Opsangervatnet. Vi held både kanoar og kajakker med naudsynt utstyr og har turleiarar som vi lgje kyndig rettleiing. Sportsfiskarlaget vert med oss og gir kanskje nokre gode fisketips?  

Onsdag 8.juni har seniorgruppa tur til Vikøystølen i Kvam. Seniorgruppa tar ferja til GJermundshamn og tek ein tur med utgangspunkt frå Vikøy i Kvam. Fotturen går frå Tveit, med om lag 415 høgdemeter stigning og total lengde 7 km tur retur. Vi passerer 6 stølar før vi kjem til turmålet ved Krokavatnet, ca 600 moh.

Lørdag 11.juni kan alle som likar seg i kajakk, både nybegynnarar og erfarne padlarar, delta på ein fin tur i Høylandssundet. Vi startar turen på Valen og padlar innom Lauvøyo, Kolsøy og Løkjelsøy. Turen eignar seg godt for nybegynnarar og det er trygt å padla saman i ei gruppe.

22.juni legg seniorgruppa turen til Øvre Myrdal. Turen startar frå Kletta og er middels tung. Vi ror over Myrdalsvatnet til inste enden av vatnet. Sjølve fotturen går på sti til Møsetjørna i Øvre Myrdal, ca 815 moh. Turlengda er om lag 8 km tur retur. Øvre Myrdal er idyllisk og ein får flott utsikt til fjelltoppane rundt, Nordlifjell, Hestabotnpynten, Juklavasstinden, Juklavasskruno, Bjørndalstindane, Omnatind, Melderskin og Myrdalsnuten. Påmelding til denne turen grunna båttransport.

25.juni opnar vi sommarsesongen i fjellet med fjellfest på Fonnabu. Vi går frå Bondhus langs den historiske vandreruta Turistvegen over Folgefonna til Fonnabu, 1450 moh. Vi overnattar på hytta og lagar til felles måltid og sosialt om kvelden. Søndag går vi i taulag til fots over fonna mot Holmaskjer og vidare langs turistvegen ned Støladalen til Tokheim i Odda.

23.juli vil ungdomsgruppa ta turen til Melderskin. Det vert ein nattur. Vi går opp til toppen om kvelden og opplever soloppgangen frå toppen.

Turlaget og gruppene tar sommarferie i juli, men for august er det igjen eit godt utval av turar og aktivitetar, meir informasjon finn ein på nettsida, her er også mogleg å melda seg på til tur.

For Kvinnherad Turlag

Anne Kari Enes

Skitur på Folgefonna

29.mai

Frammøte v. banken i Rosendal kl. 08.00

Turleiar: Jarle Røstbø, tlf. 99297383

Påmelding 

Introduksjonskurs kajakk

7.juni

3 timar intro.kurs for alle.

Frammøte på Sunde, kl. 17.30

Kursleiar: Anbjørn Høivik m.fl.

Påmelding 

Kajakktur i Høylandssundet

11.juni

Valen-Lauvøyo-Kolsøy-Løkjelsøy

Høver for nybegynnarar.

Turleiar: Sverre Bjørnevik, tlf. 97024324

Påmelding

Familiedag Opsangervatnet

8.juni

Barnas Turlag

Frammøte ved Roklubben kl. 17.00

Padling i kano og kajakk, fiske. Vi held utstyr.

Turleiar: Geir Arne Seglem, tlf. 92088382

Vikøystølen - Krokavatn i Kvam

8.juni

Seniorgruppa

Frammøte Årsnes ferjekai kl. 0845

Turleiarar: Kåre Haugse, tlf. 48227242 og Kjell Ivar Bjørgen, tlf. 95974654

Øvre Myrdal

22.juni

Seniorgruppa

Frammøte v. P-plass på Kletta, Rosendal kl. 0900.

Turleiar: Steinar Kroka, tlf. 95768180

Påmelding

Fjellfest på Fonnabu og breføring over Folgefonna

25.-26.juni

Turleiarar: Anne Kari Enes, tlf. 95196467 og Harald Håland.

Påmelding.

For meir info. og påmelding til turane, bruk nettsida

https://kvinnherad.dnt.no

Sjå under "Turar og aktivitetar".