Opptur

Deltakarar under Opptur 2015 samla framfor Vardhaugselet.
Deltakarar under Opptur 2015 samla framfor Vardhaugselet. Foto: Anne Kari Enes

Onsdag 4. mai skal alle 14-åringane i Kvinnherad på tur til Vardhaugselet saman med Kvinnherad turlag.

DNT står i år for 114 OPPTUR-arrangementer, der åttendeklassinger frå heile landet deltar. 

I år blir den nasjonale turdagen arrangert for 11. gang med over 34 000 påmeldte elevar. Helie 481 skoler deltek, det er 40 fleire enn i fjor.

- Opptur er ein kjekk dag for ungdomane, ein heil skuledag på tur i lag med elevar frå alle dei fem ungdomsskulane i Kvinnherad. Elevane kjem frå Åkra, Hatlestrand, Rosendal, Husnes og Øyatun skular.

Her får dei mulighet til å møta andre og bli kjent.

Ikkje noko anna arrangement får ut alle kvinnheringane frå eit årskull! For oss som arrangørar er det difor stas å få lov til å be dei med ut på tur til Nordfjell, Vardhaugselet og ned att om Olderbotn. Start og mål er ved Valen sjukehus, kapellet.

I Hordaland er det 11 lokale opptur-arrangement og det er forventa at rundt 6000 spreke og blide ungdomar skapar liv og røre rundt om i hordalandsfjella den 4.mai.