Skitur på Folgefonna 1.mai

Hardingeskaret 1.mai med utsyn over Maurangerfjorden. Eit knippe fornøgde deltakarar
Hardingeskaret 1.mai med utsyn over Maurangerfjorden. Eit knippe fornøgde deltakarar Foto: Tor Hveem

1.mai gjennomførte Kvinnherad turlag ein lang dagstur på ski til Folgefonna. Turen gjekk frå Godalen via Hardingeskaret og Hundsøyra til DNT-hytta Holmaskjer inne på fonna. Strålande ver og gneistrande skiføre sette spiss på turopplevinga. 

Tor Hveem, som er frivillig i Kvinnherad Turlag, har tatt desse flotte bileta frå turen. 

Vi køyrte anleggsvegen frå Nordrepollen opp mot Godalen så langt vi kom før snøen stoppa oss. Herifrå kunne vi ta skia på og gå langs vegen vidare forbi den idylliske Godalssetra via Fagerdalen mot Markjelke. Frå Markjelke gjekk vi paralellt med Svartedalen mot Pyttafloene og langs Bukkaspelsvatna mot Hardingeskardet. Frå Hardingeskardet er det vidt utsyn ut Maurangerfjorden mot Ænestangen og Gygrastol, Sildafjorden og Tysnesfjell. Etter ein god pause her med mat og fotografering gjekk turen vidare opp mot Floetjørnane før vi kom til Hundsøyra. Ved Hundsøyra er det ein varde 1459 moh. Det er det høgaste punktet vi når på fastlandet før vi gjekk inn på sjølve Folgefonna, den sørlege delen. Herifrå er det omlag 3 km over sørfonna inn til Holmaskjer, som er ein holme inne på breen. Her står ei turisthytte Holmaskjer, som Odda Ullensvang turlag driftar. 

Frå Holmaskjer gjekk det lett ned att til startpunktet igjen. Total lengde var 33 km og over 1400 meter stigning. Skituren er ikkje merka, men den følgjer for det meste den merka sommartraseen frå Markjelke mot Hundsøyra. Ferdsle på breen er berre tilrådd for brevande. 

25 deltakarar var med oss på turen. 

Eivind Damsgård har laga film frå turen og resultatet kan du sjå her. https://vimeo.com/544659534

Turleiarane takkar for følgjet og ønskjer velkomen att! 

Hans Bertin Hjortland og Anne Kari Enes, turleiarar

Fotografen Tor Hveem på Holmaskjer
Fotografen Tor Hveem på Holmaskjer Foto: Anne Kari Enes