Vakkert langs Buførevegen

Alle deltakarane samla til felles fotografering ved Klokkeren, 1400 moh.
Alle deltakarane samla til felles fotografering ved Klokkeren, 1400 moh. Foto: Anne Kari Enes

Lørdag 29.august gjekk den planlagde turen langs Buførevegen mellom Reiseter og Botsvatn i Krossdalen. Turen går i eit område med natur og utsyner som kan ta pusten frå ein! 

Turleiar Hermund Fenne guida deltakarane gjennom den lange dagsturen med mange historiar knytt til buføring, stølar og bygder på begge sider av fjellet. 


Turen starta på Reisete i Vikebygd (Nå/Bleie) om lag 300 moh. og enda på stølen Botsvatn i Krossdalen ved Jondal. Vi går såleis frå aust mot vest. Dette var vår-retningen for dei som i tidlegare tider førte buskapen mellom stølsbeitet ved Jondal og heimegardane Kambastad og Måkastad ved Sørfjorden.

Sidan 2012 har det vore arbeidd med istandsetjing av det gamle kulturminnet som Buførevegen representerer. Etter initiativ frå Buførevegens vener i Vikebygdkrinsen og folk frå Jondal har vegen vorte merkt og skilta, og sherpaer frå Nepal har steinsett lange parti av vegen i liene på aust- og vestsida av fjellet. På høgfjellet  har dei bygd ei rekkje høge retningsvardar. Det vart rikeleg med tid undervegs på turen til å studera det flotte arbeidet desse fjellfolka har utført. 

Sjølve turen tek 9 timar, og stien går opp i 1400 meters høgd. Frå Reisete fører først ei lang oppstiging til Eggje, ca. 1100 moh. før terrenget flatar ut. Oppover lia høver det med fleire stopp, ikkje berre for å kvila, men også for å nyta utsikta over Sørfjorden, omkransa av  grender og gardar. 

Dei neste 300 høgdemetrane til toppunktet inne på høgfjellet, Klokkarane, er slakkare og gjev flott utsyn mot nordenden av Folgefonna og fjella mot nord og vest. Her skil Buførevegen lag med Pilegrimsvegen som tek ei litt anna retning. I dette området går ein etter ei stund på snaufjell eller på lange snøfenner. Frå toppvarden hallar lendet roleg nedover att, men ein må før den endelege nedstiginga passera ei lita høgd for å runda foten av  fjelltoppen Jonstein. Nedturen til målet, stølen Botsvatn på 660 moh., er ikkje av dei brattaste.

Lettgått opp den steinsette vegen frå Reiseter mot Eggje.
Lettgått opp den steinsette vegen frå Reiseter mot Eggje. Foto: Anne Kari Enes

Skrevet av Anne Kari Walborg Enes 1. september 2020