Frå fjord til fonn med Barnas turlag

Alle deltakarane framom nybygget til Fonnabu før retur til Bondhusdalen.
Alle deltakarane framom nybygget til Fonnabu før retur til Bondhusdalen. Foto: Geir Nes

Barnas Turlag arrangerte tur til Fonnabu der dei fekk oppleva blåisen på nært hald. 

Turleiarane Anne Kari Enes og Siv Framnes møtte 9 born og 4 vaksne ved parkeringsplassen ved Bondhuselva.
Ungar i alderen 9-12 år hadde meldt seg på 3 dagars tur og dei som hadde reist lengst denne dagen kom frå Lunde i Telemark.
I lettskya vèr fortalte Anne Kari litt om traseen vi skulle gå i dei gamle fotspora til turistane som for 150 år sidan kom inn fjorden med dampbåtane  og vart frakta opp den gamle turistvegen over Folgefonna til Odda.

Etter ½ times gange hadde vi vårt fyrste stopp i «tjuvahola». Hovudlyktene kom raskt på og ungane entra seg ned i hola for synfaring. Det var ein spennande tur ned i mørket.

Eit fint avbrekk før vi tok oss oppover der 18 svingar oppover Keisarstien skulle forserast. Ungane telte seg oppover stien og plutselig såg vi Gardshammaren i det fjerne. Dette er eit naturleg stopp for fotturistar, men ungane droppa lett denne rasta til fordel for bading i Botnavatnet. Dette vart eit langt og frist avbrekk med bading frå isvatnet.

Viare gjekk turen oppover Gjeldfeskar der ungane tydeleg kunne sjå korleis turistvegen har vore handlaga, stein på stein oppover ura. Nok eit motivasjons punkt såg vi i det fjerne då  Breidablikk-hytta dukka opp. No fekk beina fart oppover lia. Utanfor Breidablikk står den gamle sleden som i farne tider frakta turistane over breen med hest og slede. Ungane var mållause då dei såg kor mykje isen hadde smelta på dei 150 åra då den djupe dalen bak Breidablikkbreen kom til syne og Anne Kari kunne fortelja at her kunne hesten gå rett på isen over til Holmaskjer.

I kveldinga kunne vi endeleg ta oss inn i den ny-utvida hytta. Eit fantastisk panorama var kulissane til  15 svolte, turgåararar ved middagsbordet.  Ein kunne ikkje få ein betre slutt på turdagen med solnedgang over bre og fjord over middagstallerken!

Dag 2 var lagt opp med kviledag for store og små. Det var tydeleg at små kroppar trengte litt ekstra lading før ein ny dag. Etter ein solid havregrynsfrukost vart det utdeling av sele, isøks, broddar, stegjern og tau. Nedi "vindholda" batt breføraren ungane inn i taulaget og sikra dei etter alle kunstens reglar. Etter instruksjon i tilfelle fall i sprekker forserte ungane blåisen og nokon fekk prøva seg på rappelering og klatring i breskrenten. Ei stor oppleving for ungane.

Etter nokre timar i isen var det tilbake på Fonnabu for pannekake servering.  Under lunsjen vart det annonsert at dei som ville, kunne vera med på nytt taulags tur opp på det høgaste punktet på breen 1662 moh. Totalt 6 av 15 fekk med seg denne opplevinga. Av dei som var igjen var det mykje oppdagingar rundt hyttene og nokon hadde funne fram spikkekniven og trylla fram ulike trefigurar. 

Etter topptur følgjet kom ned hadde vi oss ein ny, god middag i solnedgang. No kunne vi tydeleg sjå korleis skodda låg nedi bygda og sjølv kunne vi nyta sol frå skyfri himmel.
Det var mykje lått og løye utover kvelden og roen senka seg i 23 tida då turisthytta skal ha ro for kvelden.

Siste dag vart brukt til frukost servering, pakking og utvask før vi returnerte til Bondhusdalen.

Ein fantastisk flott tur på alle måtar og ungane har allereie lagt inn bestilling på ny Barnas Turlags tur!

Takk for turen!
Den gamle hestesleden utanfor Breidablikk hytta
Den gamle hestesleden utanfor Breidablikk hytta Foto: Siv Framnes
Taulaget over blåisen ovanfor vindhola
Taulaget over blåisen ovanfor vindhola Foto: Siv Framnes
I taulag på Fonnatoppen, 1662 moh.
I taulag på Fonnatoppen, 1662 moh. Foto: Anne Kari Enes
Fager kveldssol over Fonnabu. Denne spreke gjengen var med barnas turlag på fellesturen.
Fager kveldssol over Fonnabu. Denne spreke gjengen var med barnas turlag på fellesturen. Foto: Anne Kari Enes

Skrevet av Siv Framnes 18. august 2020