Turregistrering

Ingahogg, 965 moh,  er eit av turmåla i Kvinnherad Fjelltrim og kan nåast på ski frå Fjellhaugen.
Ingahogg, 965 moh, er eit av turmåla i Kvinnherad Fjelltrim og kan nåast på ski frå Fjellhaugen. Foto: Anne Kari Enes

I desse koronatider kjem Kvinnherad Turlag med oppmoding om å ikkje bruka turkassane eller registrera seg i bøkene på turmåla. Dette vil bidra til at ein ikkje spreier smitte.

Men for fleire turmål finst det andre måtar å registrera seg på.

SjekkUT

Dette er turlaget/DNT sitt elektroniske registreringssystem som dekkjer heile landet.

I Kvinnherad har vi pr. i dag 28 turmål som er registrerte i systemet, det kjem etter kvart fleire.

For å bruka SjekkUT må du lasta ned ein app med dette namnet, appen er gratis.

I appen får du oversyn over alle turpostane som er lagde inn, plasseringa av turmåla blir også vist i eit kart i appen. Når du klikkar deg inn på eit turmål, får du opplysningar om turmålet og kor utgangspunktet for turen er.

Når du er på tur, kan du opna appen. Då vil du få opp eit varsel når du er 50 meter frå turmålet. 

Der kan du registrera besøket ditt, og du kan også skriva i gjesteboka.

I appen viser det kor mange gonger du har registrert deg på kvart turmål tidlegare.

TellTur

Telltur er eit opplegg i regi av alle friluftsråda i landet, hos oss Friluftsrådet Vest.

I samarbeid med turlaget er det 14 turmål i Kvinnherad som er lagde inn i dette systemet. 

Oversyn over turmåla finn du på nettsida og appen nemnt nedanfor, og for kvart turmål finst det ein omtale.

For å delta i TellTur, må du gå inn på heimesida www.telltur.no og registrera deg.

For å bruka opplegget, må du lasta ned ein kart-app: «Norgeskart Friluftsliv», den er gratis.

(Denne appen gjev deg eit veldig godt og detaljert kart for heile landet som kan brukast uavhengig av TellTur.)

Når du er på tur og har opna kartet, vil du få opp melding når du er 50 meter frå turmålet om du vil sjekka inn. I TellTur får du poeng for kvart turmål du besøkjer. Her kan du såleis konkurrera med deg sjølv eller andre om flest muleg poeng og flest turmål. Oversyn for registrerte poeng og turmål får du sjå når du loggar deg inn på nettsida til TellTur.

Kvinnherad kommune har laga ein eigen konkurranse i dette systemet der ein får 1 poeng kvar gong ein er på eit av turmåla.

Kvinnherad Fjelltrim

Dette er turlaget sitt eige opplegg med 16 forskjellige turmål i kommunen.

Oversyn over turmåla og kort for registrering finn du i turprogrammet vårt: TA TUREN 2020.

https://kvinnherad.dnt.no/fjelltrim/

For å unngå bruk av turkassar og klippetenger, vil vi godta at du berre skriv turdato i kortet. Premiering blir som vanleg når ein har gjennomført 5, 10, og 15 år, og kvart år for dei som er under 15 år.

Vi ynskjer alle ein GOD TUR anten ein registrerer seg elektronisk eller ikkje, det viktigaste er at ein kjem seg ut i naturen.