BREOPPLEVINGSHELG PÅ FONNABU

Foto: Maria Dåe
Foto: Maria Dåe

Helga 6.-8. september vart det arrangert breopplevingshelg på Fonnabu. Dette var ei flott helg med to dagar på breen, bra vèr, ein fantastisk solnedgang og koselege kveldar inne på hytta. Harald Håland og Solveig Haugland var turleiarar, og med åtte deltakarar var turen fullteikna. Brevandringa vart noko redusert då ti cm nysnø gjorde det vanskeleg å få oversikt over sprekkområde. Det vart likevel to flotte dagar på breen, med mellom anna ein tur til høgste Fonnatoppen. I den varme sola kunne ein nyta den fantastiske utsikta, og sjå mellom anna Hårteigen og Hardangerjøkulen. Turhelga freista til gjentaking og vi satsar på å få til ny tur neste haust. 

Foto: Liv Iren Brekke
Foto: Maria Dåe
Foto: Solveig Haugland
Foto: Solveig Haugland