Mange kom seg ut i vintersola

Kom deg ut-dagen i Fjellhaugen skisenter
Kom deg ut-dagen i Fjellhaugen skisenter Foto: Trude Finnebotten
Aking og hinderløype
Aking og hinderløype Foto: Trude Finnebotten
Aking
Aking Foto: Trude Finnebotten
Turbo og Turid
Turbo og Turid Foto: Trude Finnebotten

175 vaksne og born deltok på Barnas Turlag sitt Kom deg ut-arrangement i Fjellhaugen søndag 3.februar. Dei fekk ein fin dag ut i godt vinterver og på gnistrande føre. 

Det var lagt til rette for aking, pølsegrilling, turtipp og langrenn. På bålpanna hadde me kaffi og varm saft.