Hardangervidda vest , fine dagar i haustfjellet

Eit fint turfølge på veg ned Husedalen
Eit fint turfølge på veg ned Husedalen Foto: Laila Hervold Langesæther

Turen vår starta fredagen med buss frå Kinsarvik til Hjølmoberget. Herifrå starta turen i fint og mildt haustver innover mot Viveli og langs elva Veig via Hedlo og heimste Hadlaskard til turisthytta Hadlaskard. Vi kom inn i ei oppvarma hytte, laga oss middag og slappa av. Etter ei god natt her, gjekk vi om Fågerli og Fagradalen. Vidare via Peisabotnen og Helnaberg til Stavali. Over Lonavatnet opplevde vi ein vakker regnboge. Stavali er sjølvbetjent no, så her laga vi middag og dessert sjølv. Søndagen vakna vi til fint ver og sol. Turen gjekk vidare til Husedalen og langs dei fine fossane Søtefossen, Nykjesøyfossen og Nyastølsfossen. Siste del av turen gjennom furuskog på sti og grusveg ned att til Kinsarvik. Ein fin tredagars tur.

Turen gjekk 7.-9.september.

Takk for turen!


Turleiarane Laila Hervold Langesæther og Jarle Røstbø

Skrevet av Anne Kari Walborg Enes 9. september 2018