Turlaget sitt årsmøte skal vera i Folgefonnsenteret torsdag 28.januar kl. 18.00. Ynskjer du å vera med på møtet, må du melda deg på via denne linken: PÅMELDING TIL ÅRSMØTETDer finn du også saklista.Førehandspåmelding er eit naudsynt koronatiltak. Dersom det kjem innskjerping på dette området, kan det verta aktuelt å gjennomføra møtet digitalt.Styret si årsmelding kan du lesa her: ÅRSMELDING 2020
Kvinnherad fjelltrim har også dette året hatt god deltaking. Nokre har gått alle dei 16 turane, men kravet er minimum fem turmål for å få godkjent. Dette stimulerer både unge og eldre til å delta. Turmåla som inngår i Kvinnherad FjelltrimUlvanosa (Høgetinden), Feto (dagsturhytta i Handelandsdalen), Mjelkhaug, Gråskallen, Geitadalstinden, Kviteggjo, Melderskin, Skålafjell, Ænessetra, Breidablikk, Varden (Varaldsøy), Blånuten (Hatlestrand/Ølve), Borgundnuten, Tjodbergshaugen, ...
Lørdag 29.august gjekk den planlagde turen langs Buførevegen mellom Reiseter og Botsvatn i Krossdalen. Turen går i eit område med natur og utsyner som kan ta pusten frå ein! Turleiar Hermund Fenne guida deltakarane gjennom den lange dagsturen med mange historiar knytt til buføring, stølar og bygder på begge sider av fjellet.
Barnas Turlag arrangerte tur til Fonnabu der dei fekk oppleva blåisen på nært hald.
Les dokumenta til årsmøtet...
Kvinnherad Fjelltrim har hatt god deltaking i 2019. Dei aktuelle turmåla i fjelltrimmen er følgjande:Ulvanosa (Høgetinden), Feto i Handelandsdalen, Mjelkhaug, Gråskallen, Geitadalstinden, Kviteggjo, MElderskin, Skålafjell, Ænessetra, Breidablikk, Varden (Varaldsøy), Blånuten (Hatlestrand/Ølve), Borgundnuten, Tjodbergshaugen, Ingahogg, Svelgabreen/Botnabreen. Kravet til godkjent fjelltrim er at ein har registrert seg på minst fem turmål i tre ulike område.
12. november tildeles Kåre Eik den høytstående utmerkelsen Kongens fortjenstmedalje.
None
Store værutfordringer. Snart er taket tett. Fonnabu utvides med 40 kvm.
Turen vår starta fredagen med buss frå Kinsarvik til Hjølmoberget. Herifrå starta turen i fint og mildt haustver innover mot Viveli og langs elva Veig via Hedlo og heimste Hadlaskard til turisthytta Hadlaskard. Vi kom inn i ei oppvarma hytte, laga oss middag og slappa av. Etter ei god natt her, gjekk vi om Fågerli og Fagradalen. Vidare via Peisabotnen ...
Mange kom seg ut på den årlege kom deg ut-dagen fyrste søndag i september. 130 små og store deltok på turlaget sin Kom deg ut-dag ved Holmen Friluftsområde i Dimmelsvik. Det var lagt til rette for mange kjekke aktivitetar på land og i sjø. Kajakk og kanopadling var ei ny erfaring for mange av deltakarane.
Kvinnherad Turlag takkar for gåva på kr. 50 000,- laget mottok frå Sparebank1-stiftinga. Pengane skal nyttast til vedlikehald og oppgradering av turskilt til dei 69 turstiane som er med i Turstiprosjektet.Mange bygdalag og lokale idrettslag er med i turstiprosjektet og pengane vil koma heile Kvinnherad til gode med oppgradering av turskilta, som er slitne av ver og vind.Meir om Turstiane ...
Klikk her for å skrive ingress. Viktig at dette tekstfeltet ikke fjernes, for å sikre at artikkelen har en ingress.
Det er tid for å oppsummera resultata av årets fjelltrim. Denne fjelltrimmen har 16 turmål fordelt på 8 ulike område, der vi hare to turmål I kvart område, ein lett tur og ein krevjande tur, slik at dei fleste skal klare å fullføra minstekravet some r fem turar.I år vart deltakartalet 62, ein meir enn i 2015. Elles var det ...
Rekruttering av turleiarar er viktig for turlaga og Kvinnherad turlag satsar på å utdanna fleire turleiarar innan DNT sin utdanningsstige. I haust arrangerte vi sommarturleiarkurs som går over fem dagar, eller to helger og fekk eit godt tilskot med seks nye sommarturleiarar lokalt.
Laurdag 17. september gjekk meir enn 70 turglade unge og eldre den gamle stølsvegen over Folgefonnhalvøya frå stølen Botsvatn på Jondal-sida til Reisete ved Sørfjorden. Av desse kom omlag ein tredel frå Kvinnherad.
Dei 25 deltakarane på fellesturen langs Dronningstien hadde ein flott tur! Det var ein sprek og kjekk gjeng som fekk oppleva panorama over Hardanger i strålande sol.
Idag arrangerte Kvinnherad Turlag Kom deg ut dagen ved Opstveitvatnet i Matre.
September er ein aktiv månad for turfolk og vi byr på noko for alle. Først ut er Kom deg ut-dagen 4.september, då ein kan delta på familiedagen ved Opstveitvatnet i Matre eller på tur langs Dronningstien i Lofthus.
Vergudane var i godlynne idag då Blådalshytta vart offisielt opna. Meir enn 100 personar var tilstades på den stilfulle opninga.Ove Tvedt og Interesselaget Vardhaugselet saman med alle gode hjelparar skal ha mykje ros for oppføringa av denne fine hytta. Open for alle heile året. Vakker musikalsk innslag, huldredans og helsingar gjorde opninga svært vellukka.Gave frå Kvinnherad Turlag var ei vedkorg ...