Adventskalender luke 3. Vikefjell

Fellestur

Dato
3. desember 2021 kl. 18:00
Passer for
Alle
Arrangør
Kvinnherad Turlag
Dette arrangementet er over!

3. desember

Tur til Vikefjell
 

Vi startar frå bensinstasjonen på Reset klokka 18.00 og går den relativt korte turen, fyrst opp til Søre Vikefjell, deretter til Nordre Vikefjell.

Turen opp tek ikkje meir enn ca. 30 minutt, er litt småbratt enkelte stader, så ta eventuelt med broddar om det er frost.

På toppen får du sjå ein flott utsikt frå Skånevik i sør, til Ølve i nord. Vi går same veg ned igjen.

Ta med hovudlykt og gjerne ein ekstra genser. Det bles ofte litt der.

Send meg ei melding på tlf. 91147758 om du blir med!
 

Ann Kathrin Røssland

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Ann Kathrin Røssland