Seniortur - Tysnessåta

Fellestur

Dato
15. september kl. 09:10 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)


Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare.

Vi tar ferje fra Årsnes kl 09:30, pga korona tar vi sikte på å køyra med eigne bilar, ingen samordning.

På Gjermundshamn tar vi mot Ølve, vidare over Luksundbrua til Lundegrend der vi tar til venstre mot Onarheim. På Onarheim  svingar vi til høgre mot Uggdalsdalen, og vel 4,5 km seinare svingar vi til høgre mot Solheim. Deretter køyrer vi ca 4 km til ein parkeringsplass der fotturen startar.

Vi går no ca ein halv time på skogsveg før vi treffer stien som tar oss vidare opp mot ei slette. Her er det fin utsikt mot sør, utsikten kan vi nyta mens vi tar oss ein matbit.

Turen går vidare mot ei høgde 550 moh, her flatar terrenget noko ut før siste del av oppstigninga som går bratt opp mot toppen. Vi kan også velja eit alternativ lenger mot høgre som er noko slakkare.

Fra toppen på 752 moh er det vidt utsyn i alle himmelretningar, til fjell både på Tysnes, Stord og Kvinnherad.

Vi satsar på å bruka ein annan sti ned att slik at vi kan få ein rundtur...

Etter fotturen planlegg vi å besøka Håheim Gard der vi får høve til å eta middag.
I påmeldinga må du difor svara på spørsmål om du vil vera med til Håheim eller ikkje sidan vi må gje førehandsvarsel dit om kor mange som kjem.

Påmelding skjer her via den raude knappen på høgre sida --->

VEL MØTT 😊

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Årsnes ferjekai kl. 09:10
  • Turkarakter:  BLÅ / RAUD - Litt tung tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Jan Helge Opsanger og Jarle Fossheim
  • Vandringa:
    • Distanse: 8 km
    • Høgdeskilnad: 450 meter
    • Tidsbruk: 4 timar + pausar.

 

Seniortur - Tysnessåta

Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare. Vi tar ferje fra Årsnes kl 09:30, pga korona tar vi sikte på ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Helge Opsanger
  • Tlf. 995 74139

Turledere:

  • Jan Helge Opsanger
  • Jarle Fossheim