Seniortur - Hovden Fjellstoge

Fellestur

Fra dato
30. august kl. 13:00
Til dato
3. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa i Kvinnherad
Turområde
Hardangervidda (se kart)


Hovden Fjellstoge er målet for seniorgruppa sin andre hyttetur dette året.
Denne turen er planlagt til veke 37, måndag 30. august til fredag 3. september.

Pga Corona vert det ikkje samordning av transporten til Hovden.
Frå Rosendal til Hovden er det 166 km via Folgefonntunellen og frå Skånevik ferjekai er det 158 km.

På Hovden vert vi innkvarterte i dobbeltrom med oppreidde senger.
I tillegg til overnattinga dekkar turavgifta full pensjon: Frukost, niste og middag.
(Ynskjer du enkeltrom blir det eit tillegg i turavgifta på kr. 245,- pr. natt. Gje melding om dette i merknadsfeltet ved påmeldinga.)

Hovden Fjellstoge ligg 850 moh ca 2 km før ein kjem til Hovden sentrum.
Næraste "nabo" er elva Otra og Vidmyr naturreservat, og plassen er eit bra utgangspunkt for mange fine turar. Under opphaldet blir det dagsturar i nærområdet av lett/middels karakter. Vi vil ikkje leggja ut noko detaljert omtale av desse turane på førehand, turleiarane vel det alternativet som passar best for veret den aktuelle dagen.
Sidan frammøte er sett til kl. 13:00, er planen å gå ein kortare tur denne dagen før vi seinare går til duk og dekka bord.

I Hovden sentrum finn ein også eit badeland der ein kan ta seg ein sømjetur.

På desse linkane finn du meir info om fjellstova og turområdet:
* UT.no --> Hovden Fjellstoge
* Facebook --> Hovden Fjellstoge

Antal turdeltakarar er avgrensa til 25 inkl. turleiarane.
Info om påmelding/vilkår finn du her: Generelle vilkår ved påmelding --> Les generelle vilkår

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Påmelding:   Frå 1.april, via den raude knappen til høgre på denne sida.
    • I merknadsfeltet kan du leggja inn opplysningar om evt mat-alergiar eller anna.
  • Frammøte:     Måndag kl. 13.00 på Hovden Fjellstoge
  • Turkarakter:   BLÅ - Middels tur
  • Turleiarar:      Steinar Kroka og Ivar Vaage
  • Turavgift:        Kr. 3.850,- for medlemer i DNT / Andre: kr. 4.250,-
    • Turavgifta dekkar fire overnattingar på dobbeltrom og full pensjon.
    • Deltakarane må sjølve syta for transporten til/frå Hovden.

 

Seniortur - Hovden Fjellstoge

Hovden Fjellstoge er målet for seniorgruppa sin andre hyttetur dette året. Denne turen er planlagt til veke 37, måndag 30. august til fredag 3. september. Pga Corona vert det ikkje samordning av transporten ...

Kontaktinformasjon:

  • Steinar Kroka
  • Tlf. 957 68180

Turledere:

  • Steinar Kroka
  • Ivar Vaage