Kårdal Fjellstove på Mjølfjell er målet for seniorgruppa sin første hyttetur dette året.
Denne turen er planlagt til veke 24, tirsdag 15.06. til fredag 18.06.
Pga Corona vert det ikkje samordning av transporten til Mjølfjell.
Frå Rosendal til Kårdal Fjellstove er det 166 km via Hardangerbrua og 155 km via Utne (ferje). Når ein nærmar seg Voss tek ein til høgre på Fv 307 ved Palmafossen.
På Kårdal vert vi innkvarterte i dobbeltrom med oppreidde senger.
I tillegg til overnattinga dekkar turavgifta full pensjon: Frukost, niste og tre-rettars middag.
Mjølfjell er eit mykje nytta turområde. Under opphaldet blir det dagsturar i nærområdet av lett/middels karakter. Vi vil ikkje leggja ut noko detaljert omtale av desse turane på førehand, turleiarane vel det alternativet som passar best for veret den aktuelle dagen.
Sidan frammøte er sett til kl. 13:00, er planen å gå ein tur før vi seinare går til duk og dekka bord.
På desse linkane finn du meir info om fjellstova og turområdet:
* UT.no --> Kårdal Fjellstove
* Facebook --> Kårdal Fjellstove
Antal turdeltakarar er avgrensa til 25 inkl. turleiarane.
Info om påmelding/vilkår finn du her: Generelle vilkår ved påmelding --> Les generelle vilkår
Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊