Seniortur - Lovatnet, Guddal

Fellestur

Dato
7. april kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre:

  • Det blir obligatorisk påmelding for alle turar.
    Dette skjer via den raude knappen på sida for kvar turomtale (turlaget si heimeside).
    (Ta kontakt med turleiaren dersom du har problem med påmelding via nettet eller dersom du vil melda deg av etter ei påmelding).
  • Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg til startpunktet for turen.
  • Ved frammøte blir det namneopprop, vi har krav om å ha kontroll over kven som er med.
  • Ved frammøte og på sjølve turen må alle halda minimumsavstand på 2 meter til andre personar.
  • Kvar deltakar må ha god allmentilstand og ha med seg håndsprit.

Turen går først ca 1,5 km på skogsveg. Er det turt ver kryssar vi elva og følgjer stien på Naterstadsida fram til Lovatnet. Då vert det knapt 2 km på sti.

Første del av turen går gjennom eit kulturlandskap med beitedyr.
Øvste delen gjennom blandingsskog med lauvtre. Stien går gjennom gamal, overgrodd ur og landskapet er elles prega av fleire spor av snøskred frå dei bratte fjellsidene.
Er elva lita, kan ein kanskje krysse ho søraust for vatnet og gå ned att på andre sida slik at det vert ein rundtur.
Om det er vått og sleipt i terrenget, vil vi gå opp og ned på Guddalssida.
Turleiarane vel den beste ruta når vi ser kva ver ein får.

Påmelding skjer her via den raude knappen på høgre sida.
OBS: Ved påmeldinga må du trykkja deg gjennom fleire "trinn". Godkjent påmelding blir stadfesta pr e-post rett etterpå...

VEL MØTT 😊

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    P-plass 300 meter forbi Galleri Guddal kl. 10:00
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Jarle Fossheim og Sigmund Spjelkavik
  • Vandringa:
    • Distanse: 7-8 km
    • Høgdeskilnad: 200 meter
    • Tidsbruk: 3-4 timar + pausar.

 

Seniortur - Lovatnet, Guddal

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre: Det blir obligatorisk påmelding for alle turar. Dette skjer via den raude knappen på ...

Kontaktinformasjon:

  • Jarle Fossheim
  • Tlf. 476 41953

Turledere:

  • Sigmund Spjelkavik
  • Jarle Fossheim