Seniortur - Sundeområdet

Fellestur

Dato
10. november kl. 10:00 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnhordland (se kart)


Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare.

Det blir frammøte ved det gamle meieriet på Sunde.

Vi startar turen ved Bjellandsbrua og går ned til Sunde kyst- og litteratursenter i Bergslagen for å få ei orientering om det som skjer der, Kjell Magne Stråbø møter oss. Han vil fortelja om Lars og Kara Tveit som saman med sønene sine dreiv båtbygging i Bergslagen. Det blir orientering om arbeidet som alt er gjort, og det som er planlagt for å ta vare på skipsbyggingsmiljøet der.

Turen vidare går mot Vardhaugen og den gamle husmannsplassen Holo, deretter mot Storarøyso og Åsgardsholmen i Krabbahopen. Der tek vi ein matpause før vi går vidare mot Sunde.

Deler av turen går på skogsveg, men mykje på stiar. "Turstiar på Sunde" har utført mykje bra arbeid i området, men det der likevel ein del blaute parti --> bruk gode sko !

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Det gamle meieriet på Sunde kl. 10:00
  • Turkarakter:  BLÅ  - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Ivar Vaage og Tor Sandvik
  • Vandringa:
    • Distanse: 7 km
    • Høgdeskilnad: 50 meter
    • Tidsbruk: 4,5 timar

 

Seniortur - Sundeområdet

Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare. Det blir frammøte ved det gamle meieriet på Sunde. Vi startar turen ...

Kontaktinformasjon:

  • Ivar Vaage
  • Tlf. 995 12 605

Turledere:

  • Ivar Vaage
  • Tor Sandvik