Fottur - Hardangervidda Vest

Fellestur

Fra dato
20. juli kl. 08:00
Til dato
23. juli kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Husedalen, Stavali, Hadlaskard, Hårteigen, Veigdalen
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Hardangervidda (se kart)

Turen startar frå Hjølmoberget og går via Viveli og fagre Veigdalen til Hadlaskard for overnatting. Neste dag går vi med dagstursekk gjennom Viersdalen og opp på Hårteigen, 1690 moh. Dagen etter går turen til Stavali og overnatting der til fredag. Siste etappe går ned Husedalen med flott utsyn til dei vakre fossane i Kinsovassdraget i Husedalen.

Tirsdag 20. juli:

 Avreise frå Rosendal kl. 08.00 i eigne bilar til Kinsarvik. Transport til Hjølmo. Avgang Hjølmoberget kl. 11.00.Vi går på god sti til Viveli i Veigdalen, vidare om Fljotdal til Hedlo. Her tar vi ein god pause ved Hedlo-hillaren før vi går vidare om Rjoto og Rjotemyrane, forbi gamle steinhus ved Heimste Hadlaskard til Hadlaskard turisthytte. Her overnattar vi på den sjølvbetente hytta og lagar oss middag. Kanskje eit forfriskande kveldsbad i elva? Dagsetappen er om lag 15, 5 km. 

Onsdag 21. juli:

Frukost kl 07.30, I dag går vi med dagstursekk gjennom Viersdalen og opp på Hårteigen, 1690 moh. Så tilbake til Hadlaskard for ny overnatting.

Torsdag 22. juli:.:

Frukost kl. 07.00, klargjering av hytta og avgang kl. 09.00. Vi går om Fagerli, Vatnali, Fagrali til Peisabotn. Via Helnaberg til Stavali. Dagsetappen er omlag 22 km. Stavali er delvis betjent i juli og august og  det  er mulighet for å kjøpe frokostbuffet, niste og middag på hytta om vi bestiller det. Her er  også kiosk samt servering av øl og vin i denne perioden. . 

 

Fredag 23. juli:

Frukost  kl. 07.30. Avgang kl. 09.00. Vi går den om lag 14 km lange dagsetappen ned Husedalen. Frå Stavali går turen i underkant av Randinuten, opp Botnane og over Kjerring. Ned det brattaste partiet på turen - Reinsbrekkene - før vi kjem til Nykkjesøy og får utsyn mot Nykkjesøyfossen. Vi har flott utsyn til dei ville fossane i Kinsovassdraget.

Påmelding på nettsida her.

Betaling: Kr 2200,- for medlem. Kr 2800,- for ikkje medlem. Prisen inkluderer overnatting, middag. Transport frå Kinsarvik til Hjølmo er også inkludert.

FOR INFORMASJON OG PÅMELDING:

KJELL YRI, TLF.  488 93 150  488 93 150

Fottur - Hardangervidda Vest

Turen startar frå Hjølmoberget og går via Viveli og fagre Veigdalen til Hadlaskard for overnatting. Neste dag går vi med dagstursekk gjennom Viersdalen og opp på Hårteigen, 1690 moh. Dagen etter går ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kjell Yri