På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre:
Denne dagen blir det ein tur på den nordre delen av postvegen i Kvinnherad, ein del av "Den Stavangerske Posttour".
Vi startar v/ Hydro og går Postvegen forbi SIM kor vi føl asfaltert veg fram til Langgåt, der vi går inn på Postvegen att. Det blir eit par kneikar opp mot Kolasletta, ein gamal husmannsplass, deretter vidare til Raudsteinskleivane.
Det vert ny vegkryssing ved lokala til Kvinnherad AMCAR-klubb (det gamle bosbrenneriet), og her høver det å ta ein liten kaffipause.
Herfrå er det ikkje så langt fram til Herøysundet der vi går heilt ned til bryggja der posten vart frakta vidare med båt nordover til Bergen.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊