Bli med på ein flott skitur i Husnesfjella.
Går inn Eikedalen, må bera skina på sekken eit stykke opp i dalen. Vidare opp til Englafjell med ein majestetisk utsikt over fjord og fjell. Frå Englafjell vidare til Melkhaug og Handelandshorgo. Den etappen er eit nydeleg terreng å gå i, lite stigning. Frå Handelandshorgo kan det bli bering av skia resten av turen ned til Valen.