Med hengekøye og telt til Myrdalsvatnet, topptur til Hestabotnpynten

Fellestur

Fra dato
17. september 2021 kl. 08:00
Til dato
18. september 2021
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag

Bli med oss på ein flott og variert tur!

Vi møtes i Rosendal sentrum fredag den 17.9 kl. 17, der vi samkøyrer til Kletta. Så går turen på grusveg inn til Myrdalsvatnet, deretter på sti inn til den nord-austlege delen av vatnet. Her er eit nydeleg område, kor vi overnattar i hengekøye eller telt, etter felles middag.

Laurdag etter frukost i det fri, pakkar vi lett, og går turen til Hestabotnpynten, ein flott topp med spektakulær utsikt over fjell og fonn. Toppen ligg på 1283 moh. Vi går på sti i starten, deretter over på stein og berg etter kvart. På toppen kan du få luftig og bratt utsikt om du vil, men sjølve toppen og den nydelege varden ligg trygt til.

Retur til Myrdalsvatnet der me tek med resten av bagasjen med oss og returnerer til bilane.

Mona og Ann Kathrin

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ann Kathrin Røssland
  • Mona Eikemo Røstbø