Myrdalsvatnet, Juklavasstinden og Juklavasskruna 28.-30.mai -21

Fellestur

Fra dato
28. mai 2021 kl. 17:00
Til dato
30. mai 2021 kl. 15:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , DNT fjellsport Haugesund , Fjellsportgruppa i Kvinnherad

Bli med fjellsportgruppa i Kvinnherad turlag og Haugesund turistforening på ein flott og variert tur!

Frammøte i Rosendal sentrum fredagen kl. 18.00 for samkøyring til Kletta. Herifrå går turen på grusveg inn til Myrdalsvatnet, deretter på sti inn til den noraustlege delen av vatnet. Her er eit nydeleg område, kor me overnatter i hengekøye eller telt. Felles middag om kvelden.

Laurdag etter frukost, pakkar me dagstursekk og går turen til Juklavasstind, 1360 moh. og Juklavasskruna, 1455 moh. Det er flotte toppar med spektakulær utsikt over fjell og fonn. 

Me går på sti frå indre Myrdal via Øvre Myrdal mot toppen, deretter på stein og berg. Umerka. 

Retur same veg til Myrdalsvatnet for middag. Etter frukost på søndag pakkar me og går ei alternativ rute tilbake til Myrdal og Kletta.

Mona og Bendikte

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Mona Eikemo Røstbø
  • Aslaug Bendikte Street