Friluftstur med overnatting i gapahuk TUREN ER AVLYST!

Fellestur

Fra dato
2. oktober kl. 15:30
Til dato
3. oktober kl. 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte fredag ettermiddag ved den gamle ferjekaien i Matre. Turen går langs den gamle bygdavegen mellom Matre og Åkra. Vegen er nyleg rydda og merka. Den går gjennom fjellbonden og fiskarbonden sitt rike, i eit unikt kulturlandskap, stader med mektig utsyn, over myrar og i lunt skogsterreng.

Fredag tek me dei fleste høgdemetrane, kjem opp til Bauge, med eit fantastisk utsyn. Vidare forbi Svelland, retning Haugstøl.

Overnatting i enkle gapahukar, eller under stjernene. Middagen lagar me på bål.

Laurdag går turen vidare forbi Løkjene, Øvsta Fatland, Hillesdal, Brekke, og me endar opp i Åkra der me avsluttar turen med laurdagsgraut eller lett lunsj på Sjøbuo.

Turen er gradert til middels til krevjande. Du må vera i stand til å bera sekk med utstyr for overnatting ute, pluss noko fellesutstyr. Overnattinga skjer ute i sovepose og på liggeunderlag. Terrenget er bratt i starten, elles lettgått. Kan vera vått og sleipt i rengver. Om spørsmål ta gjedna kontakt.

Gunnlaug Vågen Tjelmeland, tlf 95 97 44 38

Torill Storhaug, tlf 90 20 36 23

Friluftstur med overnatting i gapahuk TUREN ER AVLYST!

Oppmøte fredag ettermiddag ved den gamle ferjekaien i Matre. Turen går langs den gamle bygdavegen mellom Matre og Åkra. Vegen er nyleg rydda og merka. Den går gjennom fjellbonden og ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Torill Storhaug
  • Gunnlaug Vågen Tjelmeland