Historisk vandring over Folgefonna

Fellestur

Fra dato
27. juni kl. 09:00
Til dato
28. juni kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Bretur, Kulturhistorisk
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)

Bli med på historisk vandring på ruta Sundal – Gardshammer – Breidablikk – Fonnabu – Holmaskjær – Odda. 

Kvinnherad Turlag arrangerer tur på den historiske vandreruta frå Sundal til Odda. Overnatting på Fonnabu.

«Folgefonnens is dækker det ujevne lands overflade, men selve fonnen er forholdsvis jevn i overflaten, og den syder sin rand udover til siderne og tildels sender den sin is langt ned i dalene». Slik vart Folgefonna skildra i 1896.

Turistvegen over Folgefonna er ein fottur som følgjer i spora etter dei europeiske turistane som  søkte seg til fjord-Norge frå midten av 1800-talet.

Turistvegen frå Sundal over Folgefonna til Odda, fekk i 2015 status som Historisk vandrerute.

Start frå parkeringsplassen på Bondhus  lørdag 27.juni kl 09.00.

Overnatting på Fonnabu.

Over fonna til Holmaskjær og ned til Odda dagen etter.

Det vert arrangert transport frå Odda tilbake til parkeringsplassen på Bondhus.

Turen er krevjande. Deltakarane må vera i god fysisk form og ha med seg gode varme kler.

Fjellstøvler er absolutt naudsynt.

Turavgift medlemmar kr 800,-

Turavgift ikkje medlemmar kr 1300,-

Bindande påmelding.

Totalt antal deltakarar 20 personar.

Historisk vandring over Folgefonna

Bli med på historisk vandring på ruta Sundal – Gardshammer – Breidablikk – Fonnabu – Holmaskjær – Odda.  Kvinnherad Turlag arrangerer tur på den historiske vandreruta frå Sundal til Odda. Overnatting ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne Kari Walborg Enes
  • Harald Håland