Seniortur - Mogen turisthytte

Fellestur

Fra dato
17. august kl. 09:30
Til dato
21. august kl. 16:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa i Kvinnherad
Turområde
Hardangervidda, Telemark - Lifjell (se kart)


Mogen turisthytte er målet for seniorgruppa sin store hyttetur dette året.

Denne turen var planlagt arrangert frå 31.august til 4. september.
Men turisthytta har no redusert sesongen sin og har siste opningsdag 23. august.
Vi har difor flytta turen til 17.august - 21. august. 

Vi køyrer over Haukeli, i Rauland tek vi av mot Rjukan og køyrer til Skinnarbu.
Der parkerar vi mot kr. 50,- i parkeringsavgift pr døger.
Vidare er det ein flott båttur på 1 ½ time til inste enden av Møsvatnet. Frå kaien er det ca 150 meter å gå til Mogen Turisthytte, der vi skal overnatta i 4 netter. Det blir oppreidde senger så du slepp å ta med sengkle.

Under opphaldet vert det dagsturar i nærområdet. Hyttevertane reklamerar med at dei har det mest varierte dagsturterreng på heile Hardangervidda, så her finn vi nok noko som passar for oss også. Dagsturane vert ikkje planlagte i detalj på førehand, vertilhøva blir litt avgjerande for våre valg. 

Mogen turisthytte er ei betjent hytte som  er kjent for tradisjonsmat med kortreiste råvarer. Så her vil vi med spenning gå til duk og dekka bord.
På denne linken finn du meir info om hytta og turområdet: Mogen turisthytte

Antal turdeltakarar er avgrensa til 20 inkl. turleiarane.
Info om påmelding/vilkår finn du her: Generelle vilkår ved påmelding --> Les generelle vilkår

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Påmelding:    Via den raude knappen til høgre på denne sida.
  • Frammøte:    Parkering ved Skinnarbu kl. 09.30, båten går kl. 10.00.
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turleiarar:     Marita Handegard og Jan Helge Opsanger
  • Turavgift:       Kr. 4.180,- for medlemer i DNT.
    • Turavgifta dekkar fire overnattingar og full pensjon.
    • Deltakarane må sjølve syta for transporten til/frå Skinnarbu, parkering (kr. 50,- pr. døgn), samt båtbilletten over Møsvatn (kr. 525,- t/r)

 

Seniortur - Mogen turisthytte

Mogen turisthytte er målet for seniorgruppa sin store hyttetur dette året. Denne turen var planlagt arrangert frå 31.august til 4. september. Men turisthytta har no redusert sesongen sin og har ...

Kontaktinformasjon:

  • Marita Handegard
  • Tlf. 952 75 478

Turledere:

  • Jan Helge Opsanger
  • Marita Haugse Handegard