Seniortur - Dronningstien, Ullensvang

Fellestur

Dato
16. september kl. 07:30 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa i Kvinnherad
Turområde
Hardangervidda (se kart)
Dette arrangementet er over!


På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar:

  • Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg til startpunktet for turen.
  • Ved frammøte blir det namneopprop, vi har krav om å ha kontroll over kven som er med.
  • Ved frammøte og på sjølve turen må alle halda minimumsavstand på 1 meter til andre personar.
  • Kvar deltakar må ha god allmentilstand og ha med seg håndsprit.


Vi køyrer til Lofthus, der vi parkerar bilane. Så vert det transport vidare med minibuss til garden Røte, 160 moh.

Første del av vandringa går på skogsveg opp til Heng ca 750 moh, der sjølve Dronningstien startar.
Derfrå blir det stigning til ca 1.000 moh, og vi kjem inn i eit fint høgfjellsterreng.

Høgste punktet på turen er varden på Duk på vel 1.100 moh.

Utsikta over fjord og fonn er fantastisk!

Turen vidare går ned Munketreppene, og til slutt på grusveg ned til fruktbygda Lofthus der bilane våre står.

Som nemnt ovanfor, skal vi organisera med minibuss i Lofthus, difor må vi på denne turen ha påmelding. Ved påmeldinga må det betalast inn kr. 80,- til dekking av den kostnaden. 
Det er sett ei avgrensing på antal deltakarar....

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder (men du bør ha god turform)... 😊
 

  • Frammøte:    Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 07:30 
                              NB: Endra til kaien på Lofthus kl 09:00
  • Turkarakter:  RAUD - Krevjande tur 
  • Turavgift:       Kr. 80,- som skal dekka minibuss.
                             Deltakarane må sølve syta for transporten til/frå Lofthus.
  • Turleiarar:     Helen Sandvik Røssland og Kåre Eik
  • Vandringa:
    • Distanse: 16,5 km
    • Høgdeskilnad: 950 meter
    • Tidsbruk:  6-8 timar inkl. pausar.

 

Seniortur - Dronningstien, Ullensvang

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar: Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg ...

Kontaktinformasjon:

  • Helen Sandvik Røssland
  • Tlf. 993 59 929

Turledere:

  • Helen Sandvik Røssland
  • Kåre Eik